fredag 2. november 2012

Oreokake

Minstasysto, Hanne Lise, er ein habil kokk på kjøkenet. Trass i at ho sterkt svaksynt, diskar ho opp med dei lekraste rettar. Oreokaka er ein av spesialitetane hennar og sist ho laga denne herligheten var me linseluser på kjøkenet hennar :) 


Ingrediensar

3 pk oreokjeks
100 g smør, smelta
2 pk Tine kremost, naturell
2,5 dl melis
3 dl kremfløyte
2 ss sukker
1 pk Toro lys sjokolademousse
3 dl mjølk (til moussen)



Hovudingrediensen; amerikanske oreokjeks :)




Ha 1,5 pk oreokjeks i ein pose og bruk eit kjevle til å knuse dei. Bland i smelta smør.




Bruk ei rund form på ca. 26 cm i diameter og trykk dei knuste kjeksene godt ned slik at botnen blir fast.



Rør kremost og melis til ein jamn masse, gjerne med ein handmiksar. Pisk 1,5 dl kremfløye saman med 1 ss sukker i ein annan bolle og bland det med kremostblandinga. 



Smør ostekremen over kjekslaget og strø over med 0,5 pk knuste oreokjeks.




 Lag sjokolademoussen etter anvisning på pakken og smør den over ostekremen. Pynt med 0,5 pk knuste oreokjeks. La kaka stå ca. ein time i kjøleskåpet.




Pisk resten av fløyten med 1 ss sukker og smør det på toppen av kaka. Pynt med 0,5 pk knuste oreokjeks og ringle over sjokoladesaus. La oreokaka stå kjølig nokre timar, aller helst til neste dag, før den blir servert. 

tirsdag 30. oktober 2012

Graskarpai/ Pumkin pie

Her om dagen då me laga Halloweenlykt, sat me att med mykje innmat frå graskaret. Hmm... Kva skulle me lage av innhaldet? Etter å ha googla graskaroppskrifter på nettet, falt valet på den populære "pumkin pie" som dei lagar "over there". Må sei eg var veldig spent på om paien falt i smak...; det gjorde den heldigvis. Pappa som er litt skeptisk til "nye" ting og smakar meinte faktisk at graskarpaien var "rasande god" ;)
Så dommen er klar: "Lagar du graskarlykt til Halloween, anbefalar me deg også å lage ein deilig, smakfull graskarpai!"


Ingrediensar


Paibotn:
Ca. 1 kg greskarkjøt
180 g kveitemjøl
1/2 ts salt
1 ts sukker
120 g smør, kaldt i terningar
Ca. 2 ts iskaldt vatn

Fyll:
100 g brunt sukker
1 ts kanel
1/2 ts malt ingefær
1/2 ts salt
1 knivsodd malt muskatnøtt
3 egg
3 1/2 dl Vikingmjølk


Skjær graskarkjøtet i mindre bitar og damp det maurt i ein dampkjele eller kok det i vatn i 15- 20 minuttar. Avkjøl.




Lag paideigen ved å ha kveitemjøl, salt, sukker og smør i ein foodprocessor og kjør til smøret er smuldra opp. Tillsett vatnet og kjør akkurat til deigen er sludrete. 





 Press deigen saman til ein klump og pakk den inn i plastfolie. La den kvile i kjøleskåpet i minst 1 time.






Lag fyllet ved å ha det kokte graskarkjøtet i ein foodprocessor saman med resten av ingrediensane til fyllet og kjør knivane rundt til alt er godt blanda.
















Smør ei paiform med smør eller olje. Trykk deigen utover i forma og opp langs kantane. Prikke botnen med ein gaffel. Sett forma tilbake i kjøleskåpet i 20 minuttar. 





Sett omnen på 190 grader. Lag ein runding av eit bakepapir som passar ned i paiforma pluss oppover kanten. Legg det ned i paiforma og fyll det med tørre erter eller liknande. Steik botnen på nederste rille i 15 minuttar. Ta ut ertene og bakepapiret. Senk varmen til 180 grader og steik botnen vidare i 15 minuttar.




Ha fyllet opp i det forsteikte paiskalet og sett paien tilbake i steikeomnen. Steik i ca. 45 minuttar.





Avkjøl paien på rist. Server gjerne med ein raus klatt krem eller is. 




mandag 29. oktober 2012

Gelebåtar


Bursdagsfeiringane fortset her i huset. Denne veka er det den litla solstrålo vår som skal feire sin aller fyrste bursdag.  Ho kjem nok ikkje til å skjøna så mykje av det, men noko godt å kosa seg med skal ho få.  Gele er lett å ete for dei små og passar like godt i ein barnebursdag som til ein sundagsdessert. 

Tradisjon tru blir det gele også i denne bursdagen. Dette har fylgt oss frå me var små. Variantane har vore mange. Håpar dette enkle og lette geletipset kan vere til inspirasjon til neste bursdagsfeiring :)



                             
For å lage gelebåtar treng du berre gele, appelsiner og nokre koppar.






Start med å lage gele som anvist på pakken. Om du ønskjer, kan du redusere vantnmengda litt. Del så appelsina i to. Rens ut appelsinkjøtet med ei spiseskei.
 



Plasser den rensa appelsindelen i ein kopp eller lita skål. Det som er viktig er at den står stabilt. Kvelv deretter geleen (fint om den er litt avkjølt) i den uthola appelsinhalvdelen. 




Sett den i kjøleskåpet til den har stivna. 





Skjær appelsindelen i to eller fire delar. Blir båtane for tynne kan geleen dette av. Eg klarte fint å dele dei i fire delar utan at dette skjedde. Då utan å redusera vatnmengda.





Med god vaniljesaus smakar dette fortreffeleg



God mandag til alle som er innom bloggen vår!