fredag 31. august 2012

Cake pops


Så er det tid for helg og ein kan skeie ut ein smule og kanskje tillate seg å kose seg litt ekstra:)  Kanskje me kan freiste med desse cake pops´ane?


Utgangspunktet for cakepops er rester av ei kake, helst formkake eller sukkerbrød utan fyll og glasur. Ei tredjedels langpanne eller ei lita rund kake gjev ca. 20 cake pops. Tillat deg å vere kreativ med tanke på smak og utsjånad. Det er berre fantasien som set begrensningar for det endelege resultatet for desse godisane;)  

Rester av ei krydderkake i langpanne blei mitt utganspunkt for desse cakepops´ane. Rester frå brownies, sjokoladekake o.l vil også eigne seg veldig godt. 


Ingrediensar

Ca. 1 liter kakerestar
1 dl peanøttsmør
1/2 dl Sjokade/Nugatti
50 g mørk kokesjokolade (til å feste pinnane)
200 g mørk kokesjokolade
ca. 20 kakepinnar
kakestrøssel





Start med å smuldre kakerestane i ei skål. Bland deretter i peanøttsmør og sjokoladepålegg. Du vil då få ein seig masse.  




Trill ut kuler i den storleiken du måtte ynskje. Smelt den mørke sjokoladen over vatnbad og dypp enden på pinnane nedi før du stikk dei i kvar kule. Deretter set du kulene i kjøleskåpet ein halvtime.






Då er det klar for glasuren. Smelt den kvite sjokoladen over vatnbad (evt. mørk om det er ynskjeleg) og dypp deretter kulene ned i. Strø til slutt kakestrø over. Set kulene i kjøleskåpet igjen for å få sjokoladen stiv.






Nyt det med god samvit; det er helg!