tirsdag 31. juli 2012

Christina`s energibar

Denne energibaren har eg som regel i hus og er nærast blitt min "venn i nøden" :) Når trøtte ungar byrjar å dryga seg i 1700 tida og mor er i manko på søvn frå natta før, blodsukkeret er lavt og framleis er det ei lita stund til kveldstellet.... då gjer eit stykke, eller to, med energibar, underverker :) Viss du i tillegg toppar det med ein stor koffeinrik kaffekopp attåt, då skal du være sikker på at energilagra får seg eit sikkeleg boost! :) Her er det ikkje snakk om noko placeboeffekt; dette funkar!

Energibaren er eit sunnare substitutt for sjokolade, og smakar fortreffeleg etter/undervegs ein tur i marka eller ei treningsøkt. Send den gjerne med småtassane i barnehagen når dei har turdag. 



Ingrediensar

250g peanøttsmør
250g flytande honning
100g puffa havre
200g  tørka frukt
200g nøtter
100g kokosmasse
2 ts kanel
2 ss rapsolje



Bruk det du har av tørka frukt og nøtter. Av frukt har eg brukt tørka aprikoser, svisker, mango, papaya og ananas. Nøttene er pekan-, para-, pistasje- og valnøtter og pinjekjerner.




Bland saman honning og peanøttsmør i ein stor kasserolle, på låg varme til blandinga er lunka.



Tilsett kanel og rapsolje



Mål opp puffa havre og kokos og tilsett dette i kasserollen.



Grovhakk nøttene med ein kjøkkenkniv og hell opp i blandinga.



Til slutt blandar du inn hakka frukt i kasserollen.



Oppbevar energibaren i kjøleskåpet eller frysaren og skjær serveringsstykke etter 
behov. 



Håpar dette gjev deg ny energi! :)










mandag 30. juli 2012

Silje`s gode kanelkake


Ordtaket: ”Det enkle er ofte det beste”, passer bra til beskrivelsen av denne gode kanelkaka som du lagar på 1-2-3! 

Eg smakte den første gang av ei god veninne og var så heldig og fekk oppskrifta hos henne. Eldstemann sa faktisk her om kvelden når han smakte den at: ”Detta e` den besta kako du baka, mamma!” :) Om det var i begestring for å bli servert kakestykke seint på kveld og at han i tillegg var høg på sukker, det veit eg ikkje, men dette er nok den platekaka eg bakar mest fordi kidsa er så glad i den :)

Kanelkaka er av namnet ei krydderkake, som i tillegg er toppa med sjokoladeglasur. Kefir, med natron som hevemiddel, er med på å gjere den utrulig saftig og porøs. Den inneheld ikkje egg, så du ”slepp” kjøkkenmaskin til å piske eggedosis.  Med enkel ”handamakt” rører du ingrediensane saman og vips er kaka ferdig.

Tusen takk, Silje, for ei knallgod oppskrift! :)


Ingrediensar

Kakerøre:
600 gr kveitemjøl
600 gr sukker (kan reduserast med 100 gr)
180 gr smelta smør
7,5 dl kefir
1 pk kanel (14 gr)
3 ts natron

Sjokoladeglasur:
360 gr melis
1,5 ss kakao
3 ts vaniljesukker
6 ss melk
75 gr smelta smør





Sikt dei tørre ingrediensane i ein bakebolle. Bland saman smelta smør og kefir, slik at det blir lunka. Spe denne blandinga i bakebollen mens du rører med håndvisp. 


Visp til du får ei glatt og smidig røre.



Hell røra over på ei stor bakepapirkledd plate og steik kanelkaka i ca 30 min, midt i omnen på 180 grader.




Lag sjokoladeglasur ved at du smeltar smør, tilsetter melk og rører inn dei øvrige ingrediensane.



Mmm... Prøv og kjenn lukta av nybakt kake i huset :)





torsdag 19. juli 2012

"Kjøttkake på panno"

Ei "by"veninne av vår kjære tante, var invitert til Austevoll på middag. Ho hadde fått vite at ho skulle få "kjøttkake på panno". Ho forventa ein tradisjonell kjøttkakemiddag i brunsaus, så overraskelsen var stor då ho fekk servert ei stor kjøttkake på steikepanna. Som humoristisk bergenser uttalte hun en smule månebeddotten: "Jeg trodde mye var stort på Austevoll, men at også kjøttkakene skulle var store, det var jeg ikke klar over" :)

Kor denne retten kjem frå veit eg ikkje, men at den er kjempe god; det kan eg garantere :) Den blir ofte servert i Melingen/ Sleire- familien og er etter kvart blitt ein tradisjonsrik rett. Grunnen til at den har fått sitt navn, er så enkelt som at i staden for å steike mange små kjøttkaker, blir heller heile farsen steikt på ei stor steikepanne. Tilbehøret er litt annleis også. I staden for brunsaus, blir kjøttkaka servert med nydeleg kålstuing, gulrot, brokkoli og poteter.





Kjøttfarsen er teken utgangspunkt i oppskrifta "Bestemor Marta's karbonader", skriven tidligare på bloggen.



Ha smør i ei steikepanne og hell farsen oppi. Du kan med fordel steika farsen på to steikepanner,avhengig av mengde farse.



Del kjøttkaka i fire deler og la det steike til den er gyldenbrun.



Snu delane og steik på same måte.




Prøv denne gode retten; den er å anbefale året rundt :)

onsdag 18. juli 2012

Sunne frukt- og nøtteboller

Desse bollane er sunne og fiberrike og er eit godt alternativ til vanlege kveitebollar. Dei er veldig grei å ha med som nistemat eller som tilbehør til ei suppe eller salat (men då utan sukker).




Ingrediensar
5 dl skumma melk
1 dl creme fraiche
50 gr gjær
3,5 ss brunt sukker (sløyfast viss bollane skal brukast til suppe eller salat)
0,5 ts salt
700 gr grovbakstmjøl
160 gr frukt, eks hakka epler, tørka aprikos/fiken/svisker

Bland saman melk, creme fraiche og gjær i ein kjele og varm opp på svak varme til den er fingervarm.



Ha mjølet opp i ein bakebolle



Bland inn dei tørre ingrediensane



Tilsett fruktblandinga




Spe på med væske og elt i ca 10 minutter på middels hastighet.




La deigen heve til dobbel storleik i ca 45 min, i ein bakebolle tildekka med plastpose/- folie. Del deigen i like emner,trill runde boller og sett til etterheving i ca 45 minutter. Pensle bollane og sett dei til steiking, midt i omnen på 220 grader i 10-12 minutter.

Tips: smør bakebordet med litt margarin; då er bollane lette og trille ut.





Avkjøl bollane på rist.



Bollane smakar like godt "naturell" som med pålegg på. Frys dei gjerne og la ungane få dei med som nistemat når dei har turdag i barnehagen.






tirsdag 17. juli 2012

Korleis koke sjøkreps....

Me er heldige ute i Austevoll som har har lett tilgang til havets delikatesser. Pappa er ein ivrig hobbyfiskar og for tida er det sjøkreps som blir halte opp i teiner frå sjøen. Eg var med han ein dag på kjøkkenet når han skulle koke sjøkreps.



Den mest humane måten å ta livet av skalldyr på, er å la de ligge i ei sørpa av isvatn i 20- 30 minutter, eller stikka dei mellom augene med ein skarp kniv. For å lamma levande skalldyr kan de ligge i frysaren i 1 time (men ikkje lenger, då vil kjøttet bli fryst).





Ha 2,5 ss salt pr liter vatn i ein kjele og kok opp. Ha sjøkrepsen oppi og vent på nytt oppkok. La det småkoke i maks 5 minutter. Ta kjelen av plata og sett til avkjøling utandørs.




Sjøkreps smakar nydeleg med kvitt brød, majones og eit glas, kald kvitvin.



Vaniljepudding

Vaniljepudding er veldig greit å lage når du har eggeplommer til overs. Enkel å lage og smakar nydeleg saman med friske bær.




Ingrediensar
3 ss maisenna
100 gr sukker
3 dl kremfløyte
4 eggeplommer
frø av 1 vaniljestang
50 gr smør


Bland saman sukker, maisenna og halvparten av kremfløyten i ein kjele. Varm på middels varme under stadig omrøring.






 Tilsett eggeplommer, resten av kremfløyten og vaniljefrøene. Rør til det tjuknar. Hell vaniljepuddingen i ein bolle og avkjøl kort.





Rør inn romtemperert smør og dekk med plastfolie.







Pisk vaniljepuddingen litt opp før den skal serverast. 


søndag 15. juli 2012

Sjokolademousse


Mmmm.... Superluftig sjokolademousse som alle i familien vil like :) 

Ingrediensar
(6 porsjonar)
100 gr mørk sjokolade 
50 gr smør
1 ss kald, sterk kaffe
4 eggekviter
1 ts SP (Sponge Cake Stabilizer) eller palzankrem
75 gr sukker








Smelt sjokolade og smør i bolle over vannbad eller i mikroen. Tilsett kaffe.






Pisk eggekviter tilsatt SP. 







Tilsett sukkeret, litt om gangen, under piskingen.





Pisk til marengsen er lys og "fluffy".






Tilsett 1/3 av eggekviten i sjokoladerøra. Bland og tilsett ytterligare 1/3. Rør til slutt inn siste del av eggekviten.





Fordel moussen i små porsjonglass og sett moussen i kjøleskåpet i ca. 2 timar.






Smakar fortreffeleg med friske bær eller piska krem.



fredag 13. juli 2012

Gulrotkake med eple

Gulrota er ein grønsak som har sin opprinnelse frå området rundt Afganistan. Den kom til Europa på 1100-talet og spreidde seg via Spania til resten av Europa i løpet av ca 400 år.

Gulrota var kjend for sin søte smal, og blei derfor mykje brukt i puddingar og dessertar i middelalderen. På den tida var sukker dyrt og vanskeleg å få tak i, og gulrota ble derfor ein viktig ingrediens.

Den første publiserte gulrotkakeoppskrifta i USA kom ikke før i 1929, men under den andre verdskrig fekk gulrotkaka ei stor oppbloming i England. Det krigsherja landet hadde lite søtningsrasjoner og dette gav gulrotkaka ein ny start. 

Gulrotkaka blei også re-introdusert som ein sunn dessert, noko som har gjort at den har heldt populariteten også etter krigen. Om kaka faktisk er sunn, kjem an på kva ingrediensar ein vel å bruke. Kaka nedanfor er teken utgangspunkt i ei gulrotkakeoppskrift, men også tilsett eple og mørk kokesjokolade. I tillegg er kremosten av den "lighte" varianten ;) 
Uansett er den smakfull og saftig; nyt den med god samvittighet! :)

Ingrediensar

Kakedeig:
3 store egg
2,5 dl nøytral matolje
300 gr sukker
2 ts vaniljesukker
1 ts kanel
0,5 ts muskat
0,5 ss natron
0,5 ss bakepulver
325 gr kveitemjøl
200 gr gulrot, raspa
200 gr eple, raspa
50 gr mørk kokesjokolade, hakka

Ostekrem:
100 gr smør, romtemperert
250-300 gr melis
1,5 ss vaniljesukker
200 gr kremost (light) naturell, romtemperert
evnt. 1 ss sitronsaft







Bland sukker, egg og olje i kjøkkenmaskin til du får ein lys og jevn røre.






Sikt dei tørre ingrediensane i og rør forsiktig.






Tilsett gulrot og eple og vend inn med ein slikkepott.






Ha deigen i ei langpanne på ca 20x30 cm, kledd med bakepapir.





Steik gulrotkaka midt i omnen på rist, i ca 45 min på 175 grader. 







Rør saman smør, melis og vaniljesukker til ostekremen, gjerne med ein håndmiksar. Tilsett kremost og evnt. sitronsaft og rør til du får ein jevn og luftig krem.





Kaka er teken på eit serveringsfat, klar til pynting.





Ha kremosten oppå gulrotkaka. Skrell gjerne ei gulrot til å pynte den med.






Oppbevar gulrotkaka i kjøleskåp. Den kan også frysast men då utan ostekrem.