søndag 30. september 2012

Krydderkake med tyttebær og eple


Dette er ei god, lettlagd haustkake med epler og tyttebær. Lag gjerne dobbel porsjon og ha i to former, slik at du kan fryse ned den eine og ha på lur til juletider.


Ingrediensar

3 egg
3 dl sukker
4,5 dl kveitemjøl
1 ss malt kanel
1 ss malt ingefær
1 ss malt nellik
1,25 ts natron
0,75 dl nøytral matolje eller smelta smør
1,5 dl kulturmjølk eller kefir
1,5 dl tyttebær
1 dl eple i små bitar



Finn fram og mål opp alle ingrediensane.



Visp egg og sukker til eggedosis.



Bland saman kveitemjøl, krydder og natron. Ha i mjølblandinga vekselvis med olje eller smør og kulturmjølk. Rør til ei glatt røre. 



Bland i rørte tyttebær og hakka epler og vend lett om.



Ha kakerøra i ei godt smurt form, evnt. to dersom dobbel røre.



Avkjøl krydderkaka i forma. Den smakar best dagen etter den er bakt og held seg lenge i kjøleskåpet.


onsdag 26. september 2012

Korleis lage brun saus

Ungdomen i huset veks til og er så vidt byrja å vise interesse for korleis ein lagar mat. Tenkte at det kunne vera greit å ha framgangsmåten på korleis ein lagar brun saus, på bloggen, slik at han lett kan lage seg middag ein dag mor og far ikkje er heime :)

Ingrediensar

( til ca. 4 personar)
2 ss smør
2 ss kveitemjøl
1/2 lauk
1/2 liter vatn
1 buljonterning (kjøt)
salt og pepar



Start med å smelte smør i ei steikepanne. Ha mjølet opp i og rør saman. Ha varmen på ca 5-6.


Etter kvart vil mjølblandingen byrja å bli gylden på fargen; den skal bli brun. Hugs å røre ofte.


Mot slutten av tida blir mjølblandinga veldig varm og det er lett for at den svir seg. Skru gjerne varmen ned på 4. Rør heile tida til det er blitt ein fin brunfarge. Hell blandinga opp i ein kasserolle, ha vatn opp i og rør saman. 


Tilset salt, pepar, ein buljonterning og gjerne ein halv lauk. La brunsausen småkoke i ca. 5 minuttar medan du rører innimellom.


Dersom du ynskjer ein litt mørkare farge på sausen, har du bittelitt sukkerkulør opp i. 


Rør godt rundt og sausen er ferdig!


Brun saus smakar veldig godt med kjøtkaker. Er du heldig finn du nokre i frysaren. Dei må småkoke i sausen i ca. ein halv time. Middagspølse er også veldig godt opp i. Kok poteter i ca. ein halv time og ja, du må også ha grønsaker til! Gulerøter til dømes, treng kokast i 10-12 minuttar. 



Me forventar ikkje eit slikt måltid enda, men med tid og stund lar det gjere ;) Lukke til!

tirsdag 25. september 2012

Sprø vaflar

Sprø vaflar er for gode til berre å lage til jul. Bestemor plar alltid ha desse i hus. Opp på kjøleskåpet står dei, i ein gamal, nostalgisk "Quality Street"-konfektboks. Ungane våre har også drege kjennskap til oldemor sine gode, sprøe vaflar. Straks me kjem på besøk, er dei snare inn på kjøkenet og ser med "bedande" augo opp på kjeksboksen og"Oldo" er ikkje sein med å gje dei eit hjarte, eller to eller tre :)  

Fordelane med vaflane er at dei enkle å lage, glutenfrie og har lang haldbarheit dersom dei blir oppbevarde i tett kjeksboks. Lagar du desse har du alltid noko å servere gjestar som kjem på besøk.



Ingrediensar

4 egg
250 g smør
250 g sukker
1 pk potetmjøl
3 ts bakepulver




Skil eggekviter og -plommer. Start med å piske eggekvitene til dei er "fluffy". Tilset ei og ei eggeplomme medan kjøkenmaskina går. Til slutt dryssar du sukkeret opp i og piskar til det blir eggedosis.


Smelt smør og rør det inn. Sikt potetmjøl og bakepulver og vend det inn til du får ei jamn røre.


Bestemor plar lage ei slik røre på føremiddagen og steik dei etter middagsluren. Altså; la røra stå kjølig nokre timar før du steik vaflane :)


Pensle vaffeljernet med smør og steik vaflane til dei er gyldenbrune.


Oppbevar vaflane i tett kjekboks. Eit tips er å server desse saman med trollkrem. Mmm, nydeleg :)

mandag 24. september 2012

Skinkepai a`la Bente


Bente er ei driftig trebarnsmor som ikkje bakar reint sjeldan, til tross for ein krevjande jobb ved sida av morsrollen. Går vel ikkje ei veke utan at frysaren får nytt påfyll av nydelege rundstykker og rykande ferske brød. Kjem ein på besøk har ho alltid eit lager med bakevarer :-)

Når eg skulle lage paibotn for fyrste gong var det nettopp denne driftige dama eg ringde. Like etter plinga denne gode paioppskrifta inn på telefonen min.

 


Oppskrift til 1 paibotn:

100 g smør
150 g mjøl
75 g ost
2-3 ss vatn.


Kna alt i hop. Smøret skal ikkje smeltast, men knaast inn i mjølet med resten. Ha i paiform og forsteik på 200 gradar i 10 min.

Pensle med litt olje

 




Fyll

1 finhakka purreløk
1 boks picnicskinke i terningar
200 g ost i terningar
2 kvitlauksbåtar
4 egg
2 dl crème fraiche

Eg hadde tilfeldigvis bacon liggande då paien blei laga. Dette steikte eg og hadde med som fyll. Veeeeeldig godt.












 Bland alt i saman og ha det i den forsteikte paibotnen.









Bland alt i saman og ha det i den forsteikte paibotnen.

Steik ved 175 grader i 40 min.

 


Server med salat og nyt!

søndag 23. september 2012

Fløyelsmjuk trollkrem

Kvifor lage komplisert og tidkrevande dessert når ein kan lage noko så enkelt og fantastisk som trollkrem? Eg hadde verken smakt eller lagt trollkrem før og var ikkje klar var over at denne klassiske norske desserten smakte så godt. 
Prøv og bedøm sjølv :) 















Ingrediensar

(ca 4 porsjonar)
2 eggekviter
1 ts vaniljesukker
2 dl tyttebær
1,5 dl sukker

Tips!
Du kan bytte tyttebæra ut med andre bær. Du kan også bruke fleire typar bær samtundes. 




Ha alle ingrediensane saman i ein kjøkenbolle og visp saman.





Visp i 5-8 minuttar til du har eit tjukt, rosa skum. Du kan med fordel vende inn ekstra 2 dl tyttebær dersom du vil ha meir bær i desserten.




Pynt med nokre tyttebær og server trollkremen med det same. 
e

fredag 21. september 2012

Heimelaga marshmallows

Har du prøvd å laga marshmellows? Tenk deg heilt ferske marshmellows som smeltar på tunga, i kakaoen når regnet piskar mot vindauga, eller på fine haustdagar til å grilla over bålet....

Heimelaga marshmellows er veldig enkle å laga og samtidig veldig gøy. Smaken er sjølvsagt mykje betre enn dei ein får kjøpt i butikken. Har du eit sukkertermometer er det berre til å gå i gang (kjøpte mitt på traktøren til 159 kr)




Oppskrift

2,5 dl vann
1 pose gelatinpulver (25 g)
450 g sukker
1,5 dl lys sirup




Hell halvparten av vatnet (1,25dl) i miksarbollen. Dryss så over gelatinpulveret.





Ha sukker, sirup og resten av vatnet i ei gryte.  
Varm det forsiktig medan du rører til sukkeret er løyst opp. Skru opp varmen slik at det kokar ordentleg. Sett sukkertermometeret opp i gryta og la temperaturen stige til ca. 115 grader.




Miks nokre rundar berre med gelatinblandinga.




Hell så sukkerblandinga i langs kanten av miksarskåla. Dette for at det ikkje skal lage trådliknande sukkerkrystallar. Litt og litt om gongen. Auk hastigheita på miksaren når all sukkerblandinga har blanda seg med gelatinen. Miks i veg til du har oppnådd ein fast og fin konsistens, ca. 5 min. Blir det for mykje piska kan det bli vanskeleg å helle over i form eller sprøytepose. Konsistensen kan likne marengs samtidig som den er meir tyggegummiaktig. 




Eg brukte ein sprøytepose til å lage små, søte marshmellowstoppar. Strødde så over litt sukker som eg hadde farga med kondittorfarge. Sett toppane i kjøleskåpet 2-3 timar.





Det er utruleg mange ulike fargar å velje mellom.







Oppbevara du toppane i ein tett boks varer dei ei vekes tid, om dei ikkje er eten opp før da;)