fredag 29. november 2013

Maisboks i "ny drakt" - vertinnegåve

Tenkte å dele eit lite tips til ”vertinnegåve” no i desse førjulstider. Alltid kjekt å ha med seg ein liten presang når ein blir bedt på besøk til venar, familie eller rett og slett berre ynskjer å gje ein liten oppmerksomheit i kvardagen til nokon ein bryr seg om.  Ekstra kjekt er det å få ting som ein har laga sjølv, synes eg, men ein skal sjølvsagt ha tid til det. Maisboks i ”ny drakt” tar ikkje lang tid å lage og er samtidig rimeleg. Tanken som tel er viktigare enn at det nødvendigvis skal vere så dyrt, ikkje sant? 



Ta papiret av boksen. I staden for å opne boksen på vanleg måte så brukar du ein boksopnar og opnar boksen i botnen. Vask deretter boksen godt. Finn fram eit fint innpakningspapir, lim og saks.


  Ta lim på heile papiret og lim det rett på boksen.


På bildet under ser du ein ferdiglimt boks der botnen er tatt av.




Ta ein liten silkepapirbit og legg inni boksen. Altså i topplokket slik at det fyrste ein ser når ein opnar boksen er litt fint papir. (silkepapirark kan ein f.eks få kjøpt i blomsterbutikkar).


Fyll boksen med noko godt. Peanøtter, nonstop, konfekt etc.  Legg så litt silkepapir i botnen av boksen før ein .....

 .......limer  botnen på ved hjelp av ein limpistol.


Gjer boksen personleg ved å skrive noko på den.


Eller rett og slett skrive "salt" og "søtt" som her var innhaldet i boksane.


Pakk boksane inn i resten av silkepapiret med litt cellofan rundt (cellofanark får ein også i blomsterbutikkar).

Vips så er ei fin vertinnegåve klar te å gjes vekk.


onsdag 18. september 2013

Korv - kverna lammekjøt

Endeleg er hausten her og eg kjenn at eg gleda meg til denne årstida. Det er kanskje favoritten av dei fire. Luftige og lette sommarklede blir bytta ut med dunjakkar og varme strikkeklede. Det blir forbruk av stearinlys igjen og ullpleddet er godt å finna fram når regnet piskar mot vindauga seien haustkveldar. Koseleg , synes egJ

I dag tenkte eg å dele ein rett som har høyrt hausten til så lenge eg kan hugse. Det er ein rett som har gått i tradisjonar i familien vår. Den kjem frå Sleireslekta og stammar frå Masfjorden der bestemor, Marta, tråkka sine barndomsskor.  Frå ho var lita jente kan ho hugse korleis lamma vart slakta på garden.  Ho var også saman med mor si i elva å gjorde reint slaktet i kaldt elvevatn, i rein ”Folket ved fjorden”- stil J. Dei vaska og skrubba til naglebiten tok dei. Så vart kjøtet kokt, malt og laga pølse av. Pølsene blei så hengt til tørk sidan frysar ikkje var å oppdrive på den tida. Når julekvelden kom og pølsene var ferdigtørka var dette eit ”herremåltid” saman med kålrotstappe og poteter.

Bestemor minnast dette som ei fin tid til trass mykje arbeid. Ja, tida har endra seg. I dag  har eg vore på butikken og kjøpt det som er utgangspunkt for retten som bestemor var med mor si å laga for over 60 år sidan; nemleg lammelår. Eg har vore hos bestemor for å foreviga denne retten med bilete og nøyaktig oppskrift.  Retten blir kalla ”korv” og smakar fantastisk godt.  Opprinneleg blei alt frå lammet brukt. Magesekk, tarmar, enkelte organ etc. I dag lagar bestemor korven på ein litt anna måte enn før i tida. Det blir ikkje laga pølser, men lammekjøttet blir kverna i ei kjøkkenkvern.  Magesekk, tarmar etc blir ikkje nytta, kun kjøtet.  Sjølv om det ikkje blir laga pølser kalla me det framleis korv.

Å lage korv er litt av ein jobb, men absolutt verdt strevet. Sidan det er litt tidkrevjande kan ein likså godt kjøpe eit stort lår når ein først går i gang….


Start med å skjere låret reint frå beinet. Skjer kjøtet opp i fine små stykker ( ca. størrelse som sosekjøt) . Bestemor likar ikkje alt feittet som følgjer med og skjer det meste vekk. Om du vil ha dette med er det heilt greitt.













Legg kjøtstykka i kaldt vatn, skift vatn etter ei stund og spyl til slutt blodrestar og liknande vekk .








Legg kjøtstykka i ein stor kasserolle og fyll rikeleg med vatn over så alt er dekka. Kok i ca. 15-20 minuttar saman med 2 ss salt. 
 



Medan kjøtet kokar samlar det seg ein del ”grums” på overflata. Dette fjernar du undervegs med ei sleiv eller ause.




Ta opp ein bit og sjekk at kjøtet ikkje er raudt inni - då er det ferdigkokt.




Dei ferdigkokte kjøtbitane blir så spylte under rennande kaldt vatn og deretter tørka med kjøkenpapir.  Kjøttet må vere heilt tørt før du begynner å male.




Monter kjøtkverna på kjøkenmaskina og maling av kjøt og lauk kan starta. Bestemor brukar ein kenwoodmaskin. Så lenge du har kvern er det samme kva maskinin som blir nytta. Start med å male nokre kjøttbitar deretter litt lauk. Så kjøt igjen.......Fortsett slik til alt er kverna.  Lammelåret var i utgp. 3.2 kg. Til dette treng ein ca 1,5 stor lauk. Er lauken liten må du nok ha 2-3 stk.  På bilete under ser du det ferdige mala kjøtet. 



Me var så svoltne når me var ferdig med heile prosessen at me heilt gløymte å ta eit sluttbilete med ferdigsteikt korv og kålrotstappe;) . Det kjem sidan. Uansett bilete eller ei. Ha godt med smør i steikepanna og start med å steike korven. Ha i litt  om gangen (ser meste ut som finhakka kjøttdeig). Når det ser gyllent ut sper du på med litt meir korv og meir smør (for at det ikkje skal tørke ut) . Fortsett slik til du har den mengden du ønskjer. Hugs å ha på litt salt og pepar medan du steikjer. Dette er supergodt. Håpar du tar deg tid til å lage denne "Sleire-retten". Eit herremåltid slik det var for 60 år sidan:) Velbekomme!