onsdag 21. august 2013

Ripssmoothie


Smoothie er perfekt som rask frukost eller som eit sunt mellommåltid. Heilt fram til no har me kunna plukka deilige ripsbær i hagen. Bortset frå syltetøy og saft har me laga mange variantar av smoothier med rips. Når barna har vore med å plukka er det kjekt at dei og får vere med å lage smoothien, og ikkje minst drikka denJ  Denne gongen blei det ein variant av rips, banan, mango og appelsin. Syrleg og frisk…. Ein symfoni av frosne bær, ferske frukter og litt juice er som regel innhaldet i våre smoothier. 

Her er ei detaljert oppskrift på ein supersunn smoothie med bl.a rips. Har ein andre frukter eller bær er det berre til å bruke det. Man tar det man harJ






Oppskrift

100 g rips
100 g appelsin
100 g bringebær
100 g jordbær
1,5 dl mager youghurt (0,1% fett)
1 ½ dl svarthyllsaft
Nokon isbitar









Me brukar stort sett stavmiksar når me lagar smoothie. Dersom ein brukar frosne bær må ein passe å tine dei litt for ikkje å øydelegge miksaren.






Fordel smoothien i plastglas så barna kan ta den med seg ut.





Besten likar og smoothie:)






Kanskje du skal starte dagen i morgon med ein forfriskane smoothie. Du vil truleg få ein kickstart på dagen:)