fredag 29. november 2013

Maisboks i "ny drakt" - vertinnegåve

Tenkte å dele eit lite tips til ”vertinnegåve” no i desse førjulstider. Alltid kjekt å ha med seg ein liten presang når ein blir bedt på besøk til venar, familie eller rett og slett berre ynskjer å gje ein liten oppmerksomheit i kvardagen til nokon ein bryr seg om.  Ekstra kjekt er det å få ting som ein har laga sjølv, synes eg, men ein skal sjølvsagt ha tid til det. Maisboks i ”ny drakt” tar ikkje lang tid å lage og er samtidig rimeleg. Tanken som tel er viktigare enn at det nødvendigvis skal vere så dyrt, ikkje sant? 



Ta papiret av boksen. I staden for å opne boksen på vanleg måte så brukar du ein boksopnar og opnar boksen i botnen. Vask deretter boksen godt. Finn fram eit fint innpakningspapir, lim og saks.


  Ta lim på heile papiret og lim det rett på boksen.


På bildet under ser du ein ferdiglimt boks der botnen er tatt av.




Ta ein liten silkepapirbit og legg inni boksen. Altså i topplokket slik at det fyrste ein ser når ein opnar boksen er litt fint papir. (silkepapirark kan ein f.eks få kjøpt i blomsterbutikkar).


Fyll boksen med noko godt. Peanøtter, nonstop, konfekt etc.  Legg så litt silkepapir i botnen av boksen før ein .....

 .......limer  botnen på ved hjelp av ein limpistol.


Gjer boksen personleg ved å skrive noko på den.


Eller rett og slett skrive "salt" og "søtt" som her var innhaldet i boksane.


Pakk boksane inn i resten av silkepapiret med litt cellofan rundt (cellofanark får ein også i blomsterbutikkar).

Vips så er ei fin vertinnegåve klar te å gjes vekk.