onsdag 9. desember 2015

Tante Lindas smakfulle kakemenn

Eit av dei fyrste tegna på at jula nærmar seg, er når kakemenn er komen i butikkhyllene. Dei store lyse kakemannane med raud konditorfarge freistar mange, men kan alikevel ikkje måle seg med dei som er heimelaga. Oppskrifta som blir nytta innad i familien, kjem frå tanta vår, Linda. Ho har vore kjend for dei gode kakemannane sine og ei god oppskrift er for gale å ikkje delast.


Oppskrift


1 liter kveitemjøl
2 ss smør
1 strøken ss hornsalt
2,5 dl sukker
2,5 dl mjølk

Sikt det tørre. Smuldra smøret i mjølet. Ha i mjølka og bland saman til ein deig.

Kjevle ut deigen ca 5mm tjukk og stikk ut former. Legg på steikebrett dekka med bakepapir og steik midt i omnen på 180 grader i 8-10 min. Avkjøl kakene på rist.

Et kakene som dei er eller pynt dei med til dømes Non Stop eller konditorfarge.
Oppbevar i kakeboks.






lørdag 5. desember 2015

Fløytegratinerte poteter

Fløytegratinerte poteter, med krema konsistens og eit gylden lag ost på toppen, kan anbefalast til dei fleste kjøtrettar. Med litt kvitlauk i, smakar potetene ekstra godt. 

Ingrediensar


(til ca. 6 personar)
1 kg poteter
5 dl mjølk
1,5 ts salt
riven muskat
1 fedd kvitlauk 
3 ss graslauk
0,6 dl kremfløyte

Skrell potetene og skjær dei i like tynne skjever. Bland poteter, mjølk, salt og litt riven muskat i ein kjele. Kok på låg varme i åtte minuttar under omrøring. Mjølka vil gradvis tjukna og bli fløyteaktig i konsistens. Medan potetene koker, forvarm omnen til 220 grader. 




Gni sidene av ei eldfast form med ei sida av eit delt kvitlauksfedd. Ha halvparten av potetene i forma. Dryss over hakka graslauk og fordel halvparten av fløyten. Ha i resten av potetene og kvelv i den kokvarme mjølka. Ha over resten av fløyten. Bak i 35-40 minuttar til det boblar langs kantene og potetene har gyldenbrune flekkar på toppen.




 La stå i fem  minuttar før servering. Du kan også lage den nokon timar i forkant. La den kjøle av og varn opp i 15 minuttar på 220 grader før servering. Dersom du har restar til overs er de nydelege, kald eller oppvarma :)



torsdag 3. desember 2015

Verdas beste kromkaker

For to år sidan var delar av "Sleiregjengen", mamma sin familie, samla til eit bakegilde nede på bedehuset. Alle hadde med seg kvar sin julekakedeig og den eine sorten etter den andre fann sin veg i kakeboksane. Det var mykje lott og løye og ekstra kjekt var det at mamma, som var sjuk, var med oss. Ho hadde med seg ein stor og god kromkakedeig. Mamma brukte alltid bake kromkaker til jul og ho fekk de alltid vellukka. Det er vemodig men samstundes godt å sjå attende på bilete fra dagen; ein fin og koseleg dag me alltid kjem til å minnast 







Ingrediensar



250 gr smør
250 gr sukker
150 gr kveitemjøl
150 gr potetmjøl
4 egg
1ts kardemomme

Visp egg og sukker til eggedosis. Rør i smelta smør og ha i mjølet og kardemomme. La røra svelle i ca. 1 time.
Legg ein passeleg klatt med røre på eit kromkakejern og la det steike til kakene er gylden.

Form til kremmarhus rundt ein kromkakepinne mens kakene framleis er rykande varme eller la dei forme seg opp i ein kopp.

Oppbevar kromkakene i ein tett kakeboks. Dei smakar nydeleg med til dømes moltekrem eller ein frisk bærsalat.







Frukosthorn




Her er link til oppskrift på grunndeig som er god å bruke til frukosthorn. 




Del deigen i tre like emner.





Kjevle ut til ein sirkelmed omlag 0,5 cm tjukkelse.



Del sirkelen inn i like "pizzastykke". Start og rulle kvart frå den breiaste enden og fram mot spissen.



Legg horna på eit steikebrett eller langpanneform  kledd med bakepapir. La heve i ca 30- 45 min. under eit kjøkenhandklede.



Pensle horna med piska egg dersom du ynskjer ein gylden bakst. La steike i midterste rille i omnen på 225 grader i 10-12 minuttar.





Avkjøl horna på rist.




onsdag 2. desember 2015

Bestemor Martas riflekjeks

Riflekjeks eller sprutkjeks som me kalla dei, har vore i familien så lenge me kan hugse. Bestemor Marta, lagar alltid sprutkjeks til jul, men sidan dei er så populære, sett ho ei knåe i ny og ne, ellers på året også :) Desse kjeksene smeltar på tunga og er aldeles nydelige. Deigen er farlig god også ;) Kanskje er sprutkjeks blant dine favorittar?



Ingrediensar

500 gr smør
500 gr sukker
2 egg
3 ss fløyte
2 ts bakepulver
500 gr kveitemjøl
300 potetmjøl
3 ts vaniljesukker





Rør smør og sukker kvitt. Ha i to sammenpiska egg. Deretter fløyte og vaniljesukker og til slutt kveitemjøl, potetmjøl og bakepulver.
Sett kjølig i minimum 2 timar; gjerne natta over.
Press deigen gjennom ei kakesprøyte beregna for mørdeig eller bruk kjøttkvern med riflemønster.

Steikes midt i omnen på ca 175 grader i 10 min. Kjeksene skal være lyse, men litt gylden i kantane. Avkjøl på rist.

Oppbevar kjeksene i tett kakeboks. Eit tips kan vere å pakke ein liten haug inn i cellofanpapir, knyte til med eit fint slikebånd og vips så har du ei fin og smakfull gåve du kan gi til ein ven!




tirsdag 1. desember 2015

Mammas gode mandelspon

No har me runda desember og den koselege adventstida står for tur. Mange nyttar anledninga til å bake og enkelte, tradisjonen tru, glimtar til med 7 sortar! Me er ikkje av det slaget, men nøyer oss med nokre favorittar :) Ein tå dei er desse knallgode mandelsponkjeksene, som mamma brukte lage.  Bakar du ein ladning no, er me stygt redde for at du må lage ein ny før jul, for desse ”går unna som varmt kveitebrød”!

Ingrediensar: 

250 gr mandlar (grovhakka, du kan skolde dei om ønskjeleg)
250 gr sukker
250 gr smør
2 ts vaniljesukker
2-3 ss kveitemjøl
4 ss fløyte


Steikes i 200 grader i 8-10 min.

Bland i en kasserolle og rør til blandinga er jamn og varm ( ikkje koke). Sett ca 6 stykk klattar (ei god ts)  på eit brett. 



Ta de ut av omnen og la de stå på brettet i ca 4 min før du tar de opp i ein kopp.  Nokon lar de også henge over eit kosteskaft.; formen bestem du sjølv. 




Når dei er avkjølte legg du dei forsiktig i ein kakeboks.