Ingrediensar
Deig:
25 gr gjær
2,5 dl melk
0,5 dl sukker
ca 7,5 dl kveitemjøl
50 gr mjukt smør, i terningar
Fyll:
75 gr pistasjnøtter, hakka
150 gr marsipan, riven
75 gr mjukt smør
0,5 dl melis
200 bringebær
sjokolade, valgfritt
Pynt:
melisglasur
2 ss pistasjenøtter, hakka
Ha alt det tørre oppi ein kjøkkenbolle. Rør forsiktig rundt mens du tar i fingervarm mjølk. Når alt er elta godt saman, ca nokre minuttar, tilsett du smøret litt om litt. Elt dermed lenge; gjerne 10- 15 min., slik at deigen blir glatt og smidig. Her kan du finne mange gode baketips.
Deigen klar til heving |
Kle bakebollen med ei klede og ta ein plastikkpose over, og la den heve til dobbel storleik i ca 40 min
Bland alle ingrediensane godt saman til ein mjuk krem |
Kjevle ut ein leiv på ca 30 x 70 cm og fordel fyllet utover. Eg brukar som regel ikke sjokolade på den; syns den er like god uten :o) (meina eg skimta ein liten barneneve opp i sjokoladeposen på bildet.... ;o))
La kransen etterheve under eit klede på ein lun stad i ca 30 min.
Veldig praktisk hevebrett fra Clas Ohlson. |
Server kransen lunka med ein god kaffi attåt ;o) God sundagskos!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Så kjekt at nettopp du tok turen innom bloggen vår. Håpar du finn noko godt å lage:) Me blir veldig glad om du legger igjen ein kommentar til oss:)