Fløytegratinerte poteter, med krema konsistens og eit gylden lag ost på toppen, kan anbefalast til dei fleste kjøtrettar. Med litt kvitlauk i, smakar potetene ekstra godt.
Ingrediensar
(til ca. 6 personar)
1 kg poteter
5 dl mjølk
1,5 ts salt
riven muskat
1 fedd kvitlauk
3 ss graslauk
0,6 dl kremfløyte
Skrell potetene og skjær dei i like tynne skjever. Bland poteter, mjølk, salt og litt riven muskat i ein kjele. Kok på låg varme i åtte minuttar under omrøring. Mjølka vil gradvis tjukna og bli fløyteaktig i konsistens. Medan potetene koker, forvarm omnen til 220 grader.
Gni sidene av ei eldfast form med ei sida av eit delt kvitlauksfedd. Ha halvparten av potetene i forma. Dryss over hakka graslauk og fordel halvparten av fløyten. Ha i resten av potetene og kvelv i den kokvarme mjølka. Ha over resten av fløyten. Bak i 35-40 minuttar til det boblar langs kantene og potetene har gyldenbrune flekkar på toppen.
La stå i fem minuttar før servering. Du kan også lage den nokon timar i forkant. La den kjøle av og varn opp i 15 minuttar på 220 grader før servering. Dersom du har restar til overs er de nydelege, kald eller oppvarma :)