Viser innlegg med etiketten Tips. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Tips. Vis alle innlegg

fredag 29. november 2013

Maisboks i "ny drakt" - vertinnegåve

Tenkte å dele eit lite tips til ”vertinnegåve” no i desse førjulstider. Alltid kjekt å ha med seg ein liten presang når ein blir bedt på besøk til venar, familie eller rett og slett berre ynskjer å gje ein liten oppmerksomheit i kvardagen til nokon ein bryr seg om.  Ekstra kjekt er det å få ting som ein har laga sjølv, synes eg, men ein skal sjølvsagt ha tid til det. Maisboks i ”ny drakt” tar ikkje lang tid å lage og er samtidig rimeleg. Tanken som tel er viktigare enn at det nødvendigvis skal vere så dyrt, ikkje sant? 



Ta papiret av boksen. I staden for å opne boksen på vanleg måte så brukar du ein boksopnar og opnar boksen i botnen. Vask deretter boksen godt. Finn fram eit fint innpakningspapir, lim og saks.


  Ta lim på heile papiret og lim det rett på boksen.


På bildet under ser du ein ferdiglimt boks der botnen er tatt av.




Ta ein liten silkepapirbit og legg inni boksen. Altså i topplokket slik at det fyrste ein ser når ein opnar boksen er litt fint papir. (silkepapirark kan ein f.eks få kjøpt i blomsterbutikkar).


Fyll boksen med noko godt. Peanøtter, nonstop, konfekt etc.  Legg så litt silkepapir i botnen av boksen før ein .....

 .......limer  botnen på ved hjelp av ein limpistol.


Gjer boksen personleg ved å skrive noko på den.


Eller rett og slett skrive "salt" og "søtt" som her var innhaldet i boksane.


Pakk boksane inn i resten av silkepapiret med litt cellofan rundt (cellofanark får ein også i blomsterbutikkar).

Vips så er ei fin vertinnegåve klar te å gjes vekk.


mandag 29. oktober 2012

Gelebåtar


Bursdagsfeiringane fortset her i huset. Denne veka er det den litla solstrålo vår som skal feire sin aller fyrste bursdag.  Ho kjem nok ikkje til å skjøna så mykje av det, men noko godt å kosa seg med skal ho få.  Gele er lett å ete for dei små og passar like godt i ein barnebursdag som til ein sundagsdessert. 

Tradisjon tru blir det gele også i denne bursdagen. Dette har fylgt oss frå me var små. Variantane har vore mange. Håpar dette enkle og lette geletipset kan vere til inspirasjon til neste bursdagsfeiring :)



                             
For å lage gelebåtar treng du berre gele, appelsiner og nokre koppar.






Start med å lage gele som anvist på pakken. Om du ønskjer, kan du redusere vantnmengda litt. Del så appelsina i to. Rens ut appelsinkjøtet med ei spiseskei.
 



Plasser den rensa appelsindelen i ein kopp eller lita skål. Det som er viktig er at den står stabilt. Kvelv deretter geleen (fint om den er litt avkjølt) i den uthola appelsinhalvdelen. 




Sett den i kjøleskåpet til den har stivna. 





Skjær appelsindelen i to eller fire delar. Blir båtane for tynne kan geleen dette av. Eg klarte fint å dele dei i fire delar utan at dette skjedde. Då utan å redusera vatnmengda.





Med god vaniljesaus smakar dette fortreffeleg



God mandag til alle som er innom bloggen vår!