torsdag 4. juli 2013

Sommarsalat


Salat er lett og god mat til varme sommardagar. Det som også er så greitt er at ein kan variere salaten etter kva ingrediensar ein har tilgjengeleg. Ein kan velje ein vegetarisk variant eller gjere den meir mettande ved å tilsetje kjøtt eller fisk. Tenkte å dele ein variant med kylling, bacon og mykje gode grønsaker. Denne salaten passer godt anten du sit i hagen, på veranda eller er nede ved bryggja på late sommardagar der maten skal vere lettfordøyeleg og enkel å frakte med seg.





6 personar

Ingrediensar

§       4-5 kyllingfiletar
§      1-2 pakkar sliset bacon
§      3-4 egg
§      Blanda salat  som ruccola, frisè, hjertesalat etc.
§      1 pakke cherry tomatar
§      1 boks salatbønner
§      1 boks pinjekjerner
§      1 mango
§      1 avokado
§       ½ raudlauk
§       1 paprika


Framgangsmåte

Om ein startar med det eine aller andre går dette for det same. Det som kan vere greitt å hugse på når du skal ”dandere” salaten  i skåla, og for at det skal sjå innbydande ut er å starte med den grøne salaten nederst og fordele dei andre ingrediensane på toppen utan og røre for mykje rundt. Strø pinjekjernene over til slutt.






1.     Steik baconet. Legg det deretter på tørkepapir slik at fett renner av.
2.     Skjær kyllingen i strimler og steik dei gylne.  Dette tar berre eit par minuttar. Det einaste krydderet me brukar under steiking er kyllingkrydder.
3.     Kok egga i  ca. 7 min. (plommen skal akkurat ha begynt å sette seg). Avkjøl dei i kaldt vatn. Skrell og del dei i 2-4 delar.
4.     Vask og tørk salaten godt. Riv salaten i mindre bitar og legg den nederst i salatskåla.
5.     Vask og del tomatane i to.
6.     Skyl lake av salatbønnene
7.     Skjær mangoen i terningar
8.     Avokado, paprika og raudløk deles opp.
9.     Rist pinjekjernene gylne i varm steikepanne i ca. 1 min.

Med litt god, heimelaga kvitlauksdressing (som du finn oppskrift på her) og nybaka brød kan denne salaten like godt som lunsj fungere som eit middagsmåltid.




Velbekomme!

onsdag 3. juli 2013

Rolf Tores kvitlauksdressing

Svogeren vår er kjempeflink på kjøkenet og diskar opp med dei lekraste rettar. Kvitlauksdressingen hans er kjent i slekta og den blir nytta både tidt og ofte. Den høver til så mangt så bruk den til dømes over ein salat, som dipp eller som innslag på tapasbordet.

Ingrediensar

3 ss majones
3 ss creme fraiche eller rømme
1 ts kvitvinseddik
1 ts sukker
1 fedd kvitlauk, pressa

Rør alt saman og smak til med litt salt og pepar. Sett kjølig før servering.

Lag gjerne dobbel oppskrift for denne blir garantert populær :)

tirsdag 2. juli 2013

Eltefritt brød/ No-knead bread

Dette er ein "idiotsikker" måte å bake brød på, og alle som er redde for å ta fatt på tradisjonell gjærbakst bør absolutt prøve eltefritt brød eller "no-knead bread" som det vert kalla på engelsk. Resultatet blir alltid vellukka :)  Brødet har allereie stor følgjarskare i USA og har no innteke Noreg med stor suksess. Brødet er utruleg enkelt å lage, er luftigare og mindre kompakt enn vanlege"butikkbrød".

Mykje vatn, lite gjær og tid er magien med eltefri brødbaking. Du får ein mykje våtare deig, glutenstrukturen får då bevege seg, og når deigen blir kvelva over i ein glovarm kasserolle og lokket satt på, blir deigen utsatt for ein eksplosiv varme som gjer at den hevar maksimalt.

Ingrediensar


500 gr kveitemjøl
1/4 ts tørrgjær
1 1/2 ts salt
4 dl vatn

Ha mjøl, salt og gjær i ein stor bakebolle og rør lett saman med ei sleiv. Ha vatnet over mjølblandinga og rør deigen saman. Dekk til bakebollen med plastfolie eller lokk og la den stå på kjøkenbenken til heving i 12-18 timar.
Deigen før den blir sett til heving


Deigen etter den har heva i 20 timar
Legg eit stykke bakepapir på kjøkenbenken. Strø på godt med mjøl. Kvelv deigen over på bakepapiret og ta gjerne ein slikkepott til hjelp. Strø deigen med mjøl viss den er veldig fuktig, og brett den saman. Filmen her viser en detaljert framgangsmåte på korleis brødet vert laga. Ta ein av kantane og brett den inn mot midten. Ta neste kant og gjer det same. Gjer dette opptil ti gongar til du byrjar å føle litt motstand i deigen og den held litt på forma. Strø gjerne toppen med litt mjøl innimellom viss deigen blir for klissete. Lyft opp deigen og legg den med bretten ned. Dekk den til. Har du stor nok bakebolle kan du ha den over deigen. La deigen heve i ca. 2 timar.

Sett ei ildfast form eller gryte med lokk i kald omn. Når brødet har heva i ca. 1,5 time, sett du omnen på 250 grader.

Ta den varme forma ut av omnen når deigen er ferdig heva. Lyft opp deigen vha bakepapiret og kvelv den opp i varme forma. Brettsida vender no opp. Om deigen har landa litt skeivt i forma, kan du riste den litt på plass.

Sett lokk på og sett forma inn i den varme omnen. Steik brødet i 30 minuttar. Ta av lokket og sett temperaturen ned til 220 grader. Steik i ytterlegare 15 minuttar.Ta brødet ut av forma og avkjøl det heilt på rist.


Pakkar du det inn i eit reint handklede, held det seg like ferskt og fint til neste dag.