tirsdag 17. september 2013

Eltefritt brød med kanel og rosin

Mmm.... dette er eit kjempegodt brød. Fylt med rosiner og kanel kan det kanskje likne litt på eit julebrød, men er meir kalorifattig sidan det innheld lite sukker og halvparten av væska er vatn. Brødet er utruleg godt og praktisk å ha med seg ut som turmat. Pakk det med i eit handklede og ta det opp når du treng fylle energilageret. Spis det naturell eller smør på du måtte ynskje. 










Ingrediensar

500 gr kveitemjøl
1/2 ts tørrgjær
1 1/2 ts salt
150 gr rosiner
2 dl mjølk
2 dl vatn

Strø:
1 ss kanel
2 ss sukker

Ha mjøl, salt, gjær og rosiner i ein stor bakebolle og rør lett saman med ei sleiv. Ha mjølka og vatnet over mjølblandinga og rør deigen saman. Dekk til bakebollen med plastfolie eller lokk og la den stå på kjøkenbenken til heving i 12-18 timar.
Deigen etter den har heva.


Strø godt med mjøl på kjøkenbenken. Kvelv deigen utover og ta gjerne ein slikkepott til hjelp. Strø deigen med mjøl viss den er veldig fuktig, og brett den saman. Filmen her viser en detaljert framgangsmåte på korleis brødet vert laga. 




Strø litt av sukker- og kanelblandinga over deigen. Ta ein av kantane og brett den inn mot midten. 
Ta neste kant og gjer det same. 





Gjer dette opptil ti gongar til du byrjar å føle litt motstand i deigen og den held litt på forma. Strø sukker- og kanelblanding over kvar brett. Strø gjerne toppen med litt mjøl innimellom viss deigen blir for klissete. Lyft opp deigen og legg den med bretten ned på eit kjøkenhandklede. 




Dekk den til. Har du stor nok bakebolle kan du ha den over deigen. La deigen heve i ca. 2 timar.




Sett ei eldfast form eller gryte med lokk i kald omn. Når brødet har heva i ca. 1,5 time, sett du omnen på 250 grader. Ta den varme forma ut av omnen når deigen er ferdig heva. Lyft opp deigen vha handkledet og kvelv den opp i varme forma. 



Brettsida vender no opp. Om deigen har landa litt skeivt i forma, kan du riste den litt på plass.
Sett lokk på og sett forma inn i den varme omnen. Steik brødet i 30 minuttar. Ta av lokket og sett temperaturen ned til 220 grader. Steik i ytterlegare 15 minuttar.Ta brødet ut av forma og avkjøl det heilt på rist. Pakkar du det inn i eit reint handklede, held det seg like ferskt og fint til neste dag.
















onsdag 11. september 2013

Sunne pannekaker/lapper

Tenkte å dele ei sunn og veldig god oppskrift med dåke i dag - SUPERSUNNE PANNEKAKER eller lappar om du vil.  Denne oppskrifta er ofte i bruk her i heimen og veldig godt likt både av små og store. Desse pannekakene kan du trygt og godt bruke som eit litt meir spennande alternativ til skjever. Ha dei i matboksen til barna eller lag dei til eit kveldsmåltid. Lager du røra og setter den i kjøleskåpet er den rask og ta fram å steike i ein fei. Like hurtig som om du smører ei skjeve. Denne oppskrifta rekker til ca. 8 små lappar eller 6-7 medium pannekaker. Det kjem an på mengde vatn du vel å ha i. Eit tips er å bruke stavmiksar for å få ei jevn røre.




Oppskrift

3 egg
4 ss cottage cheese
4 ss havregryn
litt vatn




Barna synes det er gøy å vere med å sjå korleis det lages:)






Eit tips er å lage røra i eit litermål eller andre mugger med helletut. Da er det enkelt å helle røra i panna.





Det ferdige resultatet klar til å nytast. Like godt med noko salt som søtt på:) 



Velbekomme!



fredag 6. september 2013

Fylte tortillalefser

Lyst på noko godt i kveld, men rekker ikkje å lage den tradisjonelle fredagspizzaen? Då kan me anbefale ein enkel og god erstatningJ I staden for å lage pizzabotn frå grunnen av brukar me tortillalefser. Dei fyll me med det me har tilgjengeleg i kjøleskåpet. Ofte blir det skinke og ost, toppa med litt krydder og ruccolasalat. Har me pesto tilgjengeleg blir dette smurt på også.


Smør pesto på heile lefsa. Har du ikkje dette så gjere det ingenting. Veldig godt utan også.  Plasser piknikkskinke, vanleg kokt skinke, strandaskinke etc. på den eine halvdelen av lefsa.





Del opp fersk mozzarella i skjever eller vanleg kvitost (like godt det). Fordel osten oppå skinka.




Tomatar i skjever legges oppå dei andre ingrediensane. Topp det heile med litt krydeer som oregano, pizzakrydder, eller rett og slett det du likar best.





Brett den andre halvdelen av lefsa over der du la skinke, ost og tomat. Då får du ein halvmåne som vist på bilete under. Ha litt olje i panna og steik lefsa i nokre minuttar på kvar side.




Opne lefsa etter steiking og ha inni litt ruccolasalat.



Godt å servere litt salat til. Har ein mango kan den delast opp i terningar og ha i salaten. Det gjev ein ekstra god smak.




Velbekomme:) 

Ha ein fin fredagskveld og god helg!