tirsdag 13. august 2013

Ripsbærsaft


Eg hugsar godt bestemor Marta si gode ripsbærsaft. Kvar bærsesong safta ho litervis med denne raude, gode safta . Den eine son vår var på besøk hos ei kjekk dame frå "Utestovene", som me plar kalle det. Der hadde han fått smaka nylagt ripsbærsaft og kom i heim i ekstase og fortalde om den uforgløymelege smaksopplevinga han hadde hatt. "Mamma; safto vår so nydeleg at eg besvimte!" Han lurte på om ikkje me også kunne lage slik saft. Jo, for så vidt kunne me det. Skal ikkje skryte på meg at eg er den store saftkokaren. Sanninga er vel at eg aldri har prøvd det før. Så me tok turen med koppar og kar til bestemor sine bærbuskar som stod fulle av mogne rips.


Til saftkoking treng du 1 kg bær for å lage omlag 1 liter ferdig saft. Generelt bør bær til saft vere fullmogne. Dei gjev meir saftutbytte og safta får finare smak og aroma enn av lite mogne bær.




Ha bæra i korga og legg dei lagvis med sukker. Bruk mellom 100- 150 g sukker per kg bær Kor søt du vil ha den er ein vanesak. Sukkerforbruket i vårt kosthald er altfor høgt. Derfor bør me tenkje over mengdene også til safting. Legg lokket tett på.




Fyll den nedste kasserollen med kokande vatn, ca 3 cm frå kanten. Sett beholdaren over og sett klypa på gummislangen. Dampkoking har den fordelen at den gjev saft som er silt og heilt ferdig til å fyllast på flasker med ein gang. Safta kan tappast ut gjennom gummislangen når saftinga er ferdig. Bæra må dampe til de har safta seg godt og skifta farge. Dess lenger ein dampar, jo meir saft får ein. 



Straks safta er ferdig dampa, må den fyllast på steriliserte flasker. Alt må vere reint og varmt.




Ungane tykje det var grådig spanande å følgje safteprosessen. 



Avkjøl safta og oppbevar den kjølig.








tirsdag 30. juli 2013

Trøffelkake



Trøffelkake er ei kake som er blitt ein klassikar i vår familie. Du kan vel seie at dette er ei "finare" sjokoladekake som høver godt til servering i til dømes bursdagar, bryllaup og dåpar. Med nydeleg smak av sjokolade og rom slår denne an hos både liten og stor :)

Ingrediensar

Kakebunn:
300 g sukker
3 store egg
100 g kokesjokolade
150 g smør
2 dl mjølk
300 g kveitemjøl
3 ts bakepulver

Sjokoladekrem:
150 g smelta smør
ca 500 g melis
200 g kokesjokolade
3 ss sterk kaffi
2 ss mjølk
ca 10 dråpar rom
1 egg


Visp egg og sukker saman til eggedosis, ca. 10 minuttar. Smelt kokesjokoladen saman med smøret og mjølka over svak varme i ein kjele eller i mikroen. Avkjøl og rør inn i eggedosisen. Sikt i dei tørre ingrediensane og rør forsiktig til ein smidig kakedeig. Ha deigen i ein rund kakeform (26 cm diameter) med bakepapir i bunnen. Steik kaka på nederste rille i omnen på rist i 45 minuttar på 175 grader. Avkjøl kaka i forma. 


Lag sjokoladekrem ved å smelte smør og sjokolade i ein kjele. Rør i kaffi og mjølk og deretter melisen. Ta kjelen av plata og rør inn egget slik at kremen blir blank og smidig. Smak til med romessens og sett kjølig til kremen har fått passe tjukk konsistens. 




Del kakebunnen i tre delar. Eit tips er å sette kakebunnen i frysaren ein liten time før du skal pynte den; då vil det ikkje være så mykje "smular"når du arbeidar med kaka.




Dynk gjerne kaka med mjølk for å få den saftigare. Fordel sjokoladekrem mellom kvar kakebunn




Smør resten av sjokoladekremen over kaka. 





Trøffelkaka kan til dømes pyntast med Kvikk-Lunsj-sjokolade og kakestrøssel, som på biletet øvst. Eller som her med Non-Stop-sjokolade  Det enklaste er berre å bruke ein gaffel og lage bølgemønster i glasuren.









onsdag 17. juli 2013

Grahamsrundstykker

Som namnet tilseier inneheld desse rundstykkene hovudsakleg grahamsmjøl. Amerikanaren, Sylvester Graham (1795- 1851) som mjølet er oppkalt etter, var forut for si tid og meinte at eit vegetarisk kosthald og grovt brød var sunt. Han utvikla derfor ei kornblanding der alle bestanddelane av kornet var med, grahamsmjøl. I dag kjenn me mjølet som sammale kveitemjøl.

Mykje godt kan bakast av grahammjøl, som til dømes, kjeks, scones, tekaker, boller, brød og paier. Eg prøvde meg på rundstykker og tykte dei var kjempegode. Eit pluss at dei i følgje brødskalaen er ekstra grove :)







Ingrediensar

(ca. 20 stk)

450 g Grahamsmjøl/ sammale kveitemjøl
300 g fullkorn kveitemjøl
50 g fersk gjær/ 1 pk tørrgjær
0,5 dl sirup
2 ts salt
4,5 dl mjølk
75 g smør eller margarin







Framgangsmåte

Varm melken til 37 grader (fingervarmt). Smule gjæren dersom den er fersk, i en bakebolle. Ha i melken og rør saman. Tilsett de øvrige ingrediensene, men held igjen smøret. Spar 1 dl kveitemjøl til utbakingen. Elt deigen i kjøkenmaskin i ca. 5 min. før du tilsett romtemperert smør/margaring i bitar. Elt i ytterligare 5-10 minuttar (ta evnt. meir mjøl) til deigen er smidig.
La den heve i ein bakebolle tildekka med plast eller lokk i ca. 45 minuttar. 




Elt deigen smidig med mjøl på eit bakebord. Del deigen i ca 20 emner, trill dei til runde bollar og trykk dei gjerne litt flate. Legg dei på bakebrett, smurde eller med bakepapir. 



 La dei etterheve i ca. 45 minuttar. Pensle med vatn og strø over solsikke-/ valmue-/ sesam-/ gresskarfrø om ønskeleg. Steik rundstykkene midt i omnen på 225 grader i 10-12 minutter. 


Avkjøl på bakerist.