No har me runda desember og den koselege
adventstida står for tur. Mange nyttar anledninga til å bake og enkelte,
tradisjonen tru, glimtar til med 7 sortar! Me er ikkje av det slaget, men nøyer oss med nokre favorittar :) Ein tå dei er desse
knallgode mandelsponkjeksene, som mamma brukte lage. Bakar du
ein ladning no, er me stygt redde for at du må lage ein ny før jul, for
desse ”går unna som varmt kveitebrød”!
Ingrediensar:
250 gr mandlar (grovhakka, du kan skolde dei om ønskjeleg)
250 gr sukker
250 gr smør
2 ts vaniljesukker
2-3 ss kveitemjøl
4 ss fløyte
Steikes i 200 grader i 8-10 min.
Bland i en kasserolle og rør til blandinga
er jamn og varm ( ikkje koke). Sett ca 6 stykk klattar (ei god ts) på eit brett.
Ta de ut
av omnen og la de stå på brettet i ca 4 min før du tar de opp i ein kopp. Nokon lar de også henge over eit kosteskaft.;
formen bestem du sjølv.
Når dei er avkjølte legg du dei forsiktig
i ein kakeboks.