Endeleg
er hausten her og eg kjenn at eg gleda meg til denne årstida. Det er kanskje
favoritten av dei fire. Luftige og lette sommarklede blir bytta ut med
dunjakkar og varme strikkeklede. Det blir forbruk av stearinlys igjen og
ullpleddet er godt å finna fram når regnet piskar mot vindauga seien
haustkveldar. Koseleg , synes egJ
I dag tenkte
eg å dele ein rett som har høyrt hausten til så lenge eg kan hugse. Det er ein
rett som har gått i tradisjonar i familien vår. Den kjem frå Sleireslekta og
stammar frå Masfjorden der bestemor, Marta, tråkka sine barndomsskor. Frå ho var lita jente kan ho hugse korleis lamma
vart slakta på garden. Ho var også saman
med mor si i elva å gjorde reint slaktet i kaldt elvevatn, i rein ”Folket ved
fjorden”- stil J. Dei vaska og skrubba til naglebiten tok dei.
Så vart kjøtet kokt, malt og laga pølse av. Pølsene blei så hengt til tørk
sidan frysar ikkje var å oppdrive på den tida. Når julekvelden kom og pølsene
var ferdigtørka var dette eit ”herremåltid” saman med kålrotstappe og poteter.
Bestemor
minnast dette som ei fin tid til trass mykje arbeid. Ja, tida har endra seg. I
dag har eg vore på butikken og kjøpt det
som er utgangspunkt for retten som bestemor var med mor si å laga for over 60
år sidan; nemleg lammelår. Eg har vore hos bestemor for å foreviga denne retten
med bilete og nøyaktig oppskrift. Retten
blir kalla ”korv” og smakar fantastisk godt.
Opprinneleg blei alt frå lammet brukt. Magesekk, tarmar, enkelte organ
etc. I dag lagar bestemor korven på ein litt anna måte enn før i tida. Det blir
ikkje laga pølser, men lammekjøttet blir kverna i ei kjøkkenkvern. Magesekk, tarmar etc blir ikkje nytta, kun
kjøtet. Sjølv om det ikkje blir laga
pølser kalla me det framleis korv.
Å lage
korv er litt av ein jobb, men absolutt verdt strevet. Sidan det er litt tidkrevjande
kan ein likså godt kjøpe eit stort lår når ein først går i gang….
Start med
å skjere låret reint frå beinet. Skjer kjøtet opp i fine små stykker ( ca. størrelse som sosekjøt) . Bestemor
likar ikkje alt feittet som følgjer med og skjer det meste vekk. Om du vil ha
dette med er det heilt greitt.
Legg kjøtstykka
i kaldt vatn, skift vatn etter ei stund og spyl til slutt blodrestar og
liknande vekk .
Legg kjøtstykka i ein stor kasserolle og fyll rikeleg med vatn over så alt er dekka. Kok i ca. 15-20 minuttar saman med 2 ss salt.
Medan
kjøtet kokar samlar det seg ein del ”grums” på overflata. Dette fjernar du undervegs
med ei sleiv eller ause.
Ta opp ein bit og sjekk at kjøtet ikkje er raudt inni - då er det ferdigkokt.
Dei
ferdigkokte kjøtbitane blir så spylte under rennande kaldt vatn og deretter
tørka med kjøkenpapir. Kjøttet må vere
heilt tørt før du begynner å male.
Monter
kjøtkverna på kjøkenmaskina og maling av kjøt og lauk kan starta. Bestemor brukar ein kenwoodmaskin. Så lenge du har kvern er det samme kva maskinin som blir nytta. Start med å male nokre kjøttbitar deretter litt lauk. Så kjøt igjen.......Fortsett slik til alt er kverna. Lammelåret var i utgp. 3.2 kg. Til dette
treng ein ca 1,5 stor lauk. Er lauken liten må du nok ha 2-3 stk. På bilete under ser du det ferdige mala kjøtet.
Me var så svoltne når me var ferdig med heile prosessen at me heilt gløymte å ta eit sluttbilete med ferdigsteikt korv og kålrotstappe;) . Det kjem sidan. Uansett bilete eller ei. Ha godt med smør i steikepanna og start med å steike korven. Ha i litt om gangen (ser meste ut som finhakka kjøttdeig). Når det ser gyllent ut sper du på med litt meir korv og meir smør (for at det ikkje skal tørke ut) . Fortsett slik til du har den mengden du ønskjer. Hugs å ha på litt salt og pepar medan du steikjer. Dette er supergodt. Håpar du tar deg tid til å lage denne "Sleire-retten". Eit herremåltid slik det var for 60 år sidan:) Velbekomme!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Så kjekt at nettopp du tok turen innom bloggen vår. Håpar du finn noko godt å lage:) Me blir veldig glad om du legger igjen ein kommentar til oss:)