Tenkte å
dele eit lite tips til ”vertinnegåve” no i desse førjulstider. Alltid kjekt å
ha med seg ein liten presang når ein blir bedt på besøk til venar, familie eller
rett og slett berre ynskjer å gje ein liten oppmerksomheit i kvardagen til
nokon ein bryr seg om. Ekstra kjekt er
det å få ting som ein har laga sjølv, synes eg, men ein skal sjølvsagt ha tid
til det. Maisboks i ”ny drakt” tar ikkje lang tid å lage og er samtidig
rimeleg. Tanken som tel er viktigare enn at det nødvendigvis skal vere så dyrt,
ikkje sant?
Ta papiret av boksen. I staden for å opne boksen på vanleg måte så brukar du ein boksopnar og opnar boksen i botnen. Vask deretter boksen godt. Finn fram eit fint innpakningspapir, lim og saks.
Ta lim på heile papiret og lim det rett på boksen.
På bildet under ser du ein ferdiglimt boks der botnen er tatt av.
Ta ein liten silkepapirbit og legg inni boksen. Altså i topplokket slik at det fyrste ein ser når ein opnar boksen er litt fint papir. (silkepapirark kan ein f.eks få kjøpt i blomsterbutikkar).
Fyll boksen med noko godt. Peanøtter, nonstop, konfekt etc. Legg så litt silkepapir i botnen av boksen før ein .....
.......limer botnen på ved hjelp av ein limpistol.
Gjer boksen personleg ved å skrive noko på den.
Eller rett og slett skrive "salt" og "søtt" som her var innhaldet i boksane.
Pakk boksane inn i resten av silkepapiret med litt cellofan rundt (cellofanark får ein også i blomsterbutikkar).
Vips så er ei fin vertinnegåve klar te å gjes vekk.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Så kjekt at nettopp du tok turen innom bloggen vår. Håpar du finn noko godt å lage:) Me blir veldig glad om du legger igjen ein kommentar til oss:)