Bursdagsfeiringane
fortset her i huset. Denne veka er det den litla solstrålo vår som skal feire sin aller fyrste bursdag. Ho kjem nok
ikkje til å skjøna så mykje av det, men noko godt å kosa seg med skal ho få. Gele er lett å ete for dei små og passar like
godt i ein barnebursdag som til ein sundagsdessert.
Tradisjon tru
blir det gele også i denne bursdagen. Dette har fylgt oss frå me var små. Variantane
har vore mange. Håpar dette enkle og lette geletipset kan vere til inspirasjon til
neste bursdagsfeiring :)
For å lage gelebåtar treng du berre gele, appelsiner og nokre koppar.
Start med å lage gele som anvist på pakken. Om
du ønskjer, kan du redusere vantnmengda litt. Del så appelsina i to. Rens ut
appelsinkjøtet med ei spiseskei.
Plasser den rensa appelsindelen i ein kopp
eller lita skål. Det som er viktig er at den står stabilt. Kvelv deretter
geleen (fint om den er litt avkjølt) i den uthola appelsinhalvdelen.
Sett den i kjøleskåpet til den har stivna.
Skjær
appelsindelen i to eller fire delar. Blir båtane for tynne kan geleen dette av.
Eg klarte fint å dele dei i fire delar utan at dette skjedde. Då utan å redusera vatnmengda.
Med god vaniljesaus smakar dette fortreffeleg
God mandag til alle som er innom bloggen vår!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Så kjekt at nettopp du tok turen innom bloggen vår. Håpar du finn noko godt å lage:) Me blir veldig glad om du legger igjen ein kommentar til oss:)