søndag 15. juli 2012

Sjokolademousse


Mmmm.... Superluftig sjokolademousse som alle i familien vil like :) 

Ingrediensar
(6 porsjonar)
100 gr mørk sjokolade 
50 gr smør
1 ss kald, sterk kaffe
4 eggekviter
1 ts SP (Sponge Cake Stabilizer) eller palzankrem
75 gr sukker








Smelt sjokolade og smør i bolle over vannbad eller i mikroen. Tilsett kaffe.






Pisk eggekviter tilsatt SP. 







Tilsett sukkeret, litt om gangen, under piskingen.





Pisk til marengsen er lys og "fluffy".






Tilsett 1/3 av eggekviten i sjokoladerøra. Bland og tilsett ytterligare 1/3. Rør til slutt inn siste del av eggekviten.





Fordel moussen i små porsjonglass og sett moussen i kjøleskåpet i ca. 2 timar.






Smakar fortreffeleg med friske bær eller piska krem.



fredag 13. juli 2012

Gulrotkake med eple

Gulrota er ein grønsak som har sin opprinnelse frå området rundt Afganistan. Den kom til Europa på 1100-talet og spreidde seg via Spania til resten av Europa i løpet av ca 400 år.

Gulrota var kjend for sin søte smal, og blei derfor mykje brukt i puddingar og dessertar i middelalderen. På den tida var sukker dyrt og vanskeleg å få tak i, og gulrota ble derfor ein viktig ingrediens.

Den første publiserte gulrotkakeoppskrifta i USA kom ikke før i 1929, men under den andre verdskrig fekk gulrotkaka ei stor oppbloming i England. Det krigsherja landet hadde lite søtningsrasjoner og dette gav gulrotkaka ein ny start. 

Gulrotkaka blei også re-introdusert som ein sunn dessert, noko som har gjort at den har heldt populariteten også etter krigen. Om kaka faktisk er sunn, kjem an på kva ingrediensar ein vel å bruke. Kaka nedanfor er teken utgangspunkt i ei gulrotkakeoppskrift, men også tilsett eple og mørk kokesjokolade. I tillegg er kremosten av den "lighte" varianten ;) 
Uansett er den smakfull og saftig; nyt den med god samvittighet! :)

Ingrediensar

Kakedeig:
3 store egg
2,5 dl nøytral matolje
300 gr sukker
2 ts vaniljesukker
1 ts kanel
0,5 ts muskat
0,5 ss natron
0,5 ss bakepulver
325 gr kveitemjøl
200 gr gulrot, raspa
200 gr eple, raspa
50 gr mørk kokesjokolade, hakka

Ostekrem:
100 gr smør, romtemperert
250-300 gr melis
1,5 ss vaniljesukker
200 gr kremost (light) naturell, romtemperert
evnt. 1 ss sitronsaft







Bland sukker, egg og olje i kjøkkenmaskin til du får ein lys og jevn røre.






Sikt dei tørre ingrediensane i og rør forsiktig.






Tilsett gulrot og eple og vend inn med ein slikkepott.






Ha deigen i ei langpanne på ca 20x30 cm, kledd med bakepapir.





Steik gulrotkaka midt i omnen på rist, i ca 45 min på 175 grader. 







Rør saman smør, melis og vaniljesukker til ostekremen, gjerne med ein håndmiksar. Tilsett kremost og evnt. sitronsaft og rør til du får ein jevn og luftig krem.





Kaka er teken på eit serveringsfat, klar til pynting.





Ha kremosten oppå gulrotkaka. Skrell gjerne ei gulrot til å pynte den med.






Oppbevar gulrotkaka i kjøleskåp. Den kan også frysast men då utan ostekrem.

mandag 9. juli 2012

Baileyskake med pistasjenøtter

"At Gud fant opp sjokolade, er beviset på at han vil vi skal være lykkelige", heiter det. Uansett ligg det mykje glede i å bake ei deilig sjoladekake og invitere nokon du er glad i til å smake. Denne konfektkaka er blitt ein av mine favorittar. Antakelegvis fordi den inneheld noko av det eg likar aller best; sjokolade og pistasjenøtter! :) 


Ingrediensar

Kakedeig:
3 egg
3 dl sukker
3 dl kveitemjør
2 ss vaniljesukker
6 ss kakao
1/2 ts salt
150 gr smelta smør
2 ss Baileys
50 gr mørk sjokolade, hakka

Glasur:
100 gr mørk sjokolade
1/2 dl fløyte
25 gr smør

Karamelliserte pistasjenøtter:
50 gr pistasjenøtter utan skall
3/4 dl muscovasukker/ brunt rørsukker
1/2 ts salt
1/2 ts bakepulver

1. Bland alle ingrediensane (ikkje visp) og hell deigen i ei smurt, rund form (24cm).
2. Steik på 175 grader i ca 20 minutter på nederste rille. Kaka skal vera litt "lealaus" i midten når du tar den ut.
3. La kaka avkjølast heilt før du har på glasuren.
4. Glasur: smelt sjokoladen og smøret på svak varme. Rør i fløyten. Fordel glasuren over kaka og la den renne nedover sidene. 
5. Karamelliserte pistasjenøtter: hakk nøttene grovt, rist de i ei tørr steikepanne, strø over sukker, salt og bakepulver.
6. La sukkeret karamelliserast på svak varme mens du rører ofte, til det får ein fin gyllenbrun farge. Strø over kaka når det er avkjølt. Dekorer evnt. med fiken skåret i to.

Kaka står til avkjøling
Kaka klar til pynting


Husk å røre ofte i de karamelliserte nøttene.




Pistasjenøttene til avkjøling


Kaka ferdig pynta.


Mmm... du må berre smake litt til! ;)