onsdag 18. juli 2012

Sunne frukt- og nøtteboller

Desse bollane er sunne og fiberrike og er eit godt alternativ til vanlege kveitebollar. Dei er veldig grei å ha med som nistemat eller som tilbehør til ei suppe eller salat (men då utan sukker).




Ingrediensar
5 dl skumma melk
1 dl creme fraiche
50 gr gjær
3,5 ss brunt sukker (sløyfast viss bollane skal brukast til suppe eller salat)
0,5 ts salt
700 gr grovbakstmjøl
160 gr frukt, eks hakka epler, tørka aprikos/fiken/svisker

Bland saman melk, creme fraiche og gjær i ein kjele og varm opp på svak varme til den er fingervarm.



Ha mjølet opp i ein bakebolle



Bland inn dei tørre ingrediensane



Tilsett fruktblandinga




Spe på med væske og elt i ca 10 minutter på middels hastighet.




La deigen heve til dobbel storleik i ca 45 min, i ein bakebolle tildekka med plastpose/- folie. Del deigen i like emner,trill runde boller og sett til etterheving i ca 45 minutter. Pensle bollane og sett dei til steiking, midt i omnen på 220 grader i 10-12 minutter.

Tips: smør bakebordet med litt margarin; då er bollane lette og trille ut.





Avkjøl bollane på rist.



Bollane smakar like godt "naturell" som med pålegg på. Frys dei gjerne og la ungane få dei med som nistemat når dei har turdag i barnehagen.






tirsdag 17. juli 2012

Korleis koke sjøkreps....

Me er heldige ute i Austevoll som har har lett tilgang til havets delikatesser. Pappa er ein ivrig hobbyfiskar og for tida er det sjøkreps som blir halte opp i teiner frå sjøen. Eg var med han ein dag på kjøkkenet når han skulle koke sjøkreps.



Den mest humane måten å ta livet av skalldyr på, er å la de ligge i ei sørpa av isvatn i 20- 30 minutter, eller stikka dei mellom augene med ein skarp kniv. For å lamma levande skalldyr kan de ligge i frysaren i 1 time (men ikkje lenger, då vil kjøttet bli fryst).





Ha 2,5 ss salt pr liter vatn i ein kjele og kok opp. Ha sjøkrepsen oppi og vent på nytt oppkok. La det småkoke i maks 5 minutter. Ta kjelen av plata og sett til avkjøling utandørs.




Sjøkreps smakar nydeleg med kvitt brød, majones og eit glas, kald kvitvin.



Vaniljepudding

Vaniljepudding er veldig greit å lage når du har eggeplommer til overs. Enkel å lage og smakar nydeleg saman med friske bær.




Ingrediensar
3 ss maisenna
100 gr sukker
3 dl kremfløyte
4 eggeplommer
frø av 1 vaniljestang
50 gr smør


Bland saman sukker, maisenna og halvparten av kremfløyten i ein kjele. Varm på middels varme under stadig omrøring.






 Tilsett eggeplommer, resten av kremfløyten og vaniljefrøene. Rør til det tjuknar. Hell vaniljepuddingen i ein bolle og avkjøl kort.





Rør inn romtemperert smør og dekk med plastfolie.







Pisk vaniljepuddingen litt opp før den skal serverast.