torsdag 9. august 2012

Sitronkrem/ Lemon Curd



Etter eit mislykka marengsforsøk her om dagen, hadde eg dobbelt opp med eggeplommer til overs. Då var lemon curd eller på norsk, sitronkrem, veldig greit å lage. Den solgule, syrlige kremen er proppa med c-vitamin og passar til så mangt. Den er knallgod som marmelade til brød og kjeks, som fyll i kaker og bakst eller som tilsetning i sausar og dressingar.



Ingrediensar
10 store eggeplommer
120 g usalta smør, smelta
300 g sukker
2 dl pressa sitronjuice
1 krm salt (ein fingerklype salt)
4 ss raspa sitronskal


Ha eggeplommer, smelta smør og sukker i ein kjele, men ikkje sett kjelen på komfyren enda. Rør ingrediensane godt saman, slik at alt er godt blanda. Tilsett sitronjuice. Varm sitronblandinga forsiktig opp under stadig omrøring og vær forsiktig så den ikkje når kokepunktet. Fortsett å røre konstant og la blandinga kose seg på lav varme, rundt 3-4 på kokeplata, mens den byrjar og tjukne. Sitronkremen er ferdig når den heng igjen på baksida av ei tresleiv. Heile prosessen tar ca. 40 minutter.



Hell sitronblandinga gjennom ein sil og ned på eit glas.



Rør inn raspa sitronskal og salt.




Sitronkremen har ein holdbaret i kjøleskåpet i ca. 2 veker. Kos deg med den heime eller gled nokon med den som gave :)



onsdag 8. august 2012

Supersunn falafel

Kvar gong eg er på Ikea, spis eg Falafel med couscous og tzatziki. Etter nokre intense shoppingtimar, smakar desse vegetarbollane kjempegodt, og mettar godt til neste økt i varehuset :) Ein bonus er at dei er kjempesunne også. Med kikert som hovudingrediens er falafelbollar veldig proteinrike.

Falafel som har sitt opphav frå Tyrkia, kan med fordel oversettast til krydra kikertbollar, for å få meir betydning. Tradisjonelt blir dei fritert i olje, men då byrjar helsegevinsten å misse verdi. Dei smakar like godt om du steik dei på steikepanna med litt sunn olje. Det går an å fryse ned både farsen og ferdige falafelbollar. 

Falafelbollane passar for eksempel godt som eit vegetarisk innslag på eit tapasbord, i grove pitabrød eller som dei gjer på Ikea; med couscous og tzatziki :)


Ingrediensar
Ca. 20 bollar

2 store koppar tørre kikerter, lagt i blaut over natta
3 fedd kvitlauk
1/2 kopp hakka graslauk
1/2 ts spisskummen
1/2 ts gurkemeie
1/4 ts kayennepepar
1 ts salt
1 ts pepar
2 egg
3 ss kveitemjøl



Blautlegg kikertene over natta. Pass på at vatnet dekkjer ertene.





Kjør kikertene opp i ein blender/ foodprosessor/ kjøkkenmaskin eller bruk stavmikser til konsistensen blir glatt og mjuk.






Tilsett dei øvrige ingrediensane. Dersom du ikke finn alle krydra i vanleg dagligvarebutikk, så har dei dette på helsekost- eller innvandrarbutikkar.


Ei kvitlaukpresse er god å ha når kvitlauken skal opp i.



La deigen stå kjølig ei stund; helst over natta.




Form små, gjerne flate bollar, og steik dei i litt olje. 






Velbekome! ....  eller på tyrkisk;  "bir şey değil!" :)

mandag 6. august 2012

Grunnoppskrift til bollar/ kveitebakst

Her kjem ei god, gamal grunnoppskrift til kveitebakst, som du kan bruke når du skal lage for eksempel skillings- eller skulebollar, ulike kringler eller kransar, eller som eg valde i dag; enkle, gode kveitebollar.



Grunnoppskrift

900- 1000 g kveitemjøl
5 dl mjølk
1,75 dl sukker
150 g smør/margarin
1 pk gjær
2 ts kardemomme
1 ts salt


Bland alle ingrediensane i ein bakebolle (med unntak av smøret og ca. 100 g av mjølet). Elt deigen i ca. 10 minutter og spe på med resten av mjølet dersom deigen virkar klissete. Ha smøret i og elt i ytterligare 5 minutt. Sjå tidligare oppskrift for meir detaljert beskrivelse av elting av deig. Dekk bakebollen med plast og la den heve i ca. 45 minutter.







Del deigen i like emner og trill ut bollar.






La bollane etterheve på ei bakepairkledd plate, under eit kjøkkenhandklede, i ca. 45 minutter. Pensle bollane med egg før du steikjer dei i omnen på 225 grader i 10-15 minutter.





Mulighetane er mange vha denne oppskrifta, så det berre fantasien og smaken som set begrensningar for kva du vel å lage. 




Desrsom du har planar om å fryse bollane, anbefaler eg å lage dobbel deig, for desse går "unna som varmt kveitebrød" :)