onsdag 8. august 2012

Supersunn falafel

Kvar gong eg er på Ikea, spis eg Falafel med couscous og tzatziki. Etter nokre intense shoppingtimar, smakar desse vegetarbollane kjempegodt, og mettar godt til neste økt i varehuset :) Ein bonus er at dei er kjempesunne også. Med kikert som hovudingrediens er falafelbollar veldig proteinrike.

Falafel som har sitt opphav frå Tyrkia, kan med fordel oversettast til krydra kikertbollar, for å få meir betydning. Tradisjonelt blir dei fritert i olje, men då byrjar helsegevinsten å misse verdi. Dei smakar like godt om du steik dei på steikepanna med litt sunn olje. Det går an å fryse ned både farsen og ferdige falafelbollar. 

Falafelbollane passar for eksempel godt som eit vegetarisk innslag på eit tapasbord, i grove pitabrød eller som dei gjer på Ikea; med couscous og tzatziki :)


Ingrediensar
Ca. 20 bollar

2 store koppar tørre kikerter, lagt i blaut over natta
3 fedd kvitlauk
1/2 kopp hakka graslauk
1/2 ts spisskummen
1/2 ts gurkemeie
1/4 ts kayennepepar
1 ts salt
1 ts pepar
2 egg
3 ss kveitemjøl



Blautlegg kikertene over natta. Pass på at vatnet dekkjer ertene.





Kjør kikertene opp i ein blender/ foodprosessor/ kjøkkenmaskin eller bruk stavmikser til konsistensen blir glatt og mjuk.






Tilsett dei øvrige ingrediensane. Dersom du ikke finn alle krydra i vanleg dagligvarebutikk, så har dei dette på helsekost- eller innvandrarbutikkar.


Ei kvitlaukpresse er god å ha når kvitlauken skal opp i.



La deigen stå kjølig ei stund; helst over natta.




Form små, gjerne flate bollar, og steik dei i litt olje. 






Velbekome! ....  eller på tyrkisk;  "bir şey değil!" :)

1 kommentar:

Så kjekt at nettopp du tok turen innom bloggen vår. Håpar du finn noko godt å lage:) Me blir veldig glad om du legger igjen ein kommentar til oss:)