torsdag 9. august 2012

Sitronkrem/ Lemon Curd



Etter eit mislykka marengsforsøk her om dagen, hadde eg dobbelt opp med eggeplommer til overs. Då var lemon curd eller på norsk, sitronkrem, veldig greit å lage. Den solgule, syrlige kremen er proppa med c-vitamin og passar til så mangt. Den er knallgod som marmelade til brød og kjeks, som fyll i kaker og bakst eller som tilsetning i sausar og dressingar.



Ingrediensar
10 store eggeplommer
120 g usalta smør, smelta
300 g sukker
2 dl pressa sitronjuice
1 krm salt (ein fingerklype salt)
4 ss raspa sitronskal


Ha eggeplommer, smelta smør og sukker i ein kjele, men ikkje sett kjelen på komfyren enda. Rør ingrediensane godt saman, slik at alt er godt blanda. Tilsett sitronjuice. Varm sitronblandinga forsiktig opp under stadig omrøring og vær forsiktig så den ikkje når kokepunktet. Fortsett å røre konstant og la blandinga kose seg på lav varme, rundt 3-4 på kokeplata, mens den byrjar og tjukne. Sitronkremen er ferdig når den heng igjen på baksida av ei tresleiv. Heile prosessen tar ca. 40 minutter.



Hell sitronblandinga gjennom ein sil og ned på eit glas.



Rør inn raspa sitronskal og salt.




Sitronkremen har ein holdbaret i kjøleskåpet i ca. 2 veker. Kos deg med den heime eller gled nokon med den som gave :)



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at nettopp du tok turen innom bloggen vår. Håpar du finn noko godt å lage:) Me blir veldig glad om du legger igjen ein kommentar til oss:)