Dette er enkelt som berre
det. Eg brukar Freia mørk kokesjokolade eller den lyse varianten som vist på
bildet under.
Smelt sjokoladen over
vannbad. Teikn så eit hjarta på eit bakepapir. Snu bakepapiret så ikkje
tusj/penn smitter av på sjokoladen. Bruk så ei teskjei og dander sjokolade
rundt hjarta du teikna. Til slutt strør du kakestrø over.
For at sjokoladehjarta skal stivne litt raskt kan du setje det i frysaren ei lita stund. Deretter oppbevara sjokoladehjarta i kjøleskapet til like før gjestane skal koma, dette for at det kan smelta om det er for varmt i rommet der du skal servere maten. Legg sjokoladehjarta på fatet, servietten eller heng det på ein gaffel (som på første bilete).

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Så kjekt at nettopp du tok turen innom bloggen vår. Håpar du finn noko godt å lage:) Me blir veldig glad om du legger igjen ein kommentar til oss:)