Får du besøk og skal lage noko søtt, enkelt og litt fort kan kanskje ”marshmellows på pinne” friste? At det er ein suksess i bursdagar er vel heller ikkje så rart:). Dette er kjekt å gjere saman med barna. Dersom ein voksen dypper i sjokolade kan "småtrolla" velge strøsselsort og dyppe i:)
Setter du dei i ei lita skål som me har gjort på bildet under blir det straks litt pynt på eit dekka bord.
Ingrediensar
200 g sjokolade
(den du måtte ønske, me foretrekker kokesjokolade)
150 g marshmallows
Dekorasjon
Forskjellige strøsselsortar
Smelt sjokoladen i vannbad eller i mikroovn og hell i ei skål. Dypp marshmallows i sjokoladen med ein gaffel.
Det trenger ikkje vere mykje sjokolade rundt, men nok til at strøsselet festar seg. Lurt å bruke gaffelen til å fjerne overflødig sjokolade.
Dekorer med strøssel med det same.
Legg alle sjoko-marshmallowsane på ein tallerken og la dei stivne.
For meir inspirasjon og fristelasar med marshmallows bør du kikke innom "passion 4 baking", eller ta turen innom her og her. God fornøyelse!
hei! fin blogg! :) lure på Koss longe tid trenge sjokoladen får å stivna? (ca) :)
SvarSlettmvh Carina