Ei "by"veninne av vår kjære tante, var invitert til Austevoll på middag. Ho hadde fått vite at ho skulle få "kjøttkake på panno". Ho forventa ein tradisjonell kjøttkakemiddag i brunsaus, så overraskelsen var stor då ho fekk servert ei stor kjøttkake på steikepanna. Som humoristisk bergenser uttalte hun en smule månebeddotten: "Jeg trodde mye var stort på Austevoll, men at også kjøttkakene skulle var store, det var jeg ikke klar over" :)
Kor denne retten kjem frå veit eg ikkje, men at den er kjempe god; det kan eg garantere :) Den blir ofte servert i Melingen/ Sleire- familien og er etter kvart blitt ein tradisjonsrik rett. Grunnen til at den har fått sitt navn, er så enkelt som at i staden for å steike mange små kjøttkaker, blir heller heile farsen steikt på ei stor steikepanne. Tilbehøret er litt annleis også. I staden for brunsaus, blir kjøttkaka servert med nydeleg kålstuing, gulrot, brokkoli og poteter.
Kjøttfarsen er teken utgangspunkt i oppskrifta "Bestemor Marta's karbonader", skriven tidligare på bloggen.
Ha smør i ei steikepanne og hell farsen oppi. Du kan med fordel steika farsen på to steikepanner,avhengig av mengde farse.
Del kjøttkaka i fire deler og la det steike til den er gyldenbrun.
Snu delane og steik på same måte.
Prøv denne gode retten; den er å anbefale året rundt :)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Så kjekt at nettopp du tok turen innom bloggen vår. Håpar du finn noko godt å lage:) Me blir veldig glad om du legger igjen ein kommentar til oss:)