onsdag 24. oktober 2012

Frittata/ Omelett med fetaost og spinat


Her kjem ei oppskrift på ein italiensk rett, der fyllet blir blanda direkte i eggemassen. Server den gjerne som smårett, gjerne saman med ein frisk salat. Omeletten høver godt som eit innslag i eit lavkarbokosthald.


Ingrediensar

(4 porsjonar)
250 g frisk spinat
1 ss smør
1 fedd kvitlauk, finhakka
litt salt, pepar og riven muskat
1/2 ts chilipulver
100 g fetaost
3 store egg
1/2 dl kremfløyte
4 ss parmesan, riven


Skyll spinaten godt viss det er naudsamt og tørk den. Smelt smør i ei stor steikepanne. Tilsett spinat og kvitlauk.




La steike på høg varme i nokre sekundar, til spinaten fell saman. Hell vatnet godt av. Dryss over salt, pepar, muskat og chili. 





Visp saman egg, fløyte og parmesan. (Vanleg gulost går også fint). 




Tilsett smuldra fetaost.




Bland inn spinat.




Hell omeletten i ei eldfast form smurt med nøytral olje.




Steik omeletten midt i omnen på 180 grader i 20- 25 minuttar avhengig av storleiken på forma. La stå i ca. 10 minuttar før oppskjæring. Lag rikeleg så har du til å fryse ned. Del opp i serveringsstykke og ta opp etter behov. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at nettopp du tok turen innom bloggen vår. Håpar du finn noko godt å lage:) Me blir veldig glad om du legger igjen ein kommentar til oss:)