lørdag 27. oktober 2012

Korleis lage graskarlykt til Halloween?


Halloween plar ein som regel forbinde med utkledning og "trick or treat", men feiringa oppstod i Irland for over 2000 år sidan. For keltarane var 31. oktober byrjinga på eit nytt år og det var denne datoen dei feira "Sambain"; ei feiring kor ein heidra dei som var døde med ritual som bål og ofring av gåver. 
Skotske og irske immigrantar tok med Halloweenfeiringa til Amerika, men allereie då hadde feiringa mista litt av sitt tradisjonelle preg og blitt meir lik tradisjonen me kjenn i dag. 

Eit aspekt med Halloween er tradisjonen med å lage graskarlykt; gjerne saman med borna.  Dette er ein artig og spanande aktivitet som du kan gjere saman med borna i helga. 





Graskar får du kjøpt i dei fleste daglegvare- eller blomebutikkar. Du finn dei i ulike storleikar; det me valde var rundt 3 kg.


Teikn ansikt med tusj på graskaret. Du finn mykje inspirasjon til ulike typar uttrykk ved til dømes å google "pumpkin templates"


 Skjær av lokket/ toppen av graskaret.




 Ta ut innmaten; gjerne med ei isskei.




Kjøt og kjerner kan brukast til å lage til dømes pai, kake eller suppe.





 Skjær ut ansiktet med ein liten kniv. Då er alt klart til å sette lys inni :)




 Ivrige born er med på å tenne lys og ventar på at mørkret skal senka seg...




Stemningsfylt Halloweenlykt :)




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at nettopp du tok turen innom bloggen vår. Håpar du finn noko godt å lage:) Me blir veldig glad om du legger igjen ein kommentar til oss:)