Sidan me driv matblogg, ber me ofte om vener og kjente kan tipse oss om
gode oppskrifter. Svigerinne, Ingeborg er ei av dei som er flink å koma med tips.
Når det plingar inn ein link på mobilen som eg bør sjekke ut, blir eg glad:). Alltid kjekt når folk er villige til å dele.
Når eg skulle lage middag i dag kom eg til å hugsa på ein link som
nettopp Ingeborg gav meg for ei stund sidan. Linken var til bloggen ”Frøken og
”Fru” eller ”Snikkerbuo” som dei tidligare kalla seg. Dette er ein blogg driven av to kjekke Stordadame
der den eina er gift med ein Austevolling:). Dei skriv om mykje spanande, så det er
absolutt verdt å ta eit besøk innom bloggen deira:). Takk ”Frøken og Fru” for inspirasjon til
dagens middag og til snille Ingeborg som tipsa. Retten har eg sjølvsagt kalla opp etter bloggen deira; Nudelwok a`la ”Frøken og Fru”.
No er da slik at eg tok det eg hadde av ingrediensar og dermed blei det
ei forenkla utgåve av rettens opprinning. Neste gang skal eg kjøpe inn alt og lage det slik Stordadamene gjer det.
Oppskrift
1 karbonadedeig
2 pakkar nudlar
½ raud paprika
½ grøn paprika
½ brokoli
½ squash
½ pose cashewnøtter
Skjær grønsakene i strimler, steik desse lett på panna saman med litt
olje.
Steik karbonadedeigen og smak til med litt salt og pepar.
Kok nudlane som anvist på pakken.
Bland alt saman i ei gryte eller wokpanne.
Ha nøttene i rett før du skal servere.
Vips så var det middag på 15 minuttar.
Server gjerne med godt brød.
Her er linken til bloggen, "Frøken ogFru" og inspirasjon til dagens oppskrift.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Så kjekt at nettopp du tok turen innom bloggen vår. Håpar du finn noko godt å lage:) Me blir veldig glad om du legger igjen ein kommentar til oss:)