mandag 22. oktober 2012

Heimelaga marshmallows i kakao

No byrjar det å bli kaldt og tid for varme og gode klede. Noko som varmar ekstra godt  kan jo vere ein god kopp kakao:) Enda betre smakar den med heimelaga marshmellows.

 



Oppskrift på ei langpanne slik du ser på bilete under finn du her. I staden for å sprøyte ut små marshmallowstoppar som vist tidlegare er det berre å helle røra ut over eit bakebrett slik du har i omnen. Hugs å kle det med bakepapir og smør det lett med litt nøytral olje.  Sett brettet i kjøleskåpet nokre timar. 





Når det er ferdig kan du bruke saks til å klippe passande bitar eller som eg her har gjort, brukt ei hjarteform til å presse ut små fine hjarter.







Ha ein STRÅLANDE måndag!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at nettopp du tok turen innom bloggen vår. Håpar du finn noko godt å lage:) Me blir veldig glad om du legger igjen ein kommentar til oss:)