tirsdag 13. august 2013

Ripsbærsaft


Eg hugsar godt bestemor Marta si gode ripsbærsaft. Kvar bærsesong safta ho litervis med denne raude, gode safta . Den eine son vår var på besøk hos ei kjekk dame frå "Utestovene", som me plar kalle det. Der hadde han fått smaka nylagt ripsbærsaft og kom i heim i ekstase og fortalde om den uforgløymelege smaksopplevinga han hadde hatt. "Mamma; safto vår so nydeleg at eg besvimte!" Han lurte på om ikkje me også kunne lage slik saft. Jo, for så vidt kunne me det. Skal ikkje skryte på meg at eg er den store saftkokaren. Sanninga er vel at eg aldri har prøvd det før. Så me tok turen med koppar og kar til bestemor sine bærbuskar som stod fulle av mogne rips.


Til saftkoking treng du 1 kg bær for å lage omlag 1 liter ferdig saft. Generelt bør bær til saft vere fullmogne. Dei gjev meir saftutbytte og safta får finare smak og aroma enn av lite mogne bær.




Ha bæra i korga og legg dei lagvis med sukker. Bruk mellom 100- 150 g sukker per kg bær Kor søt du vil ha den er ein vanesak. Sukkerforbruket i vårt kosthald er altfor høgt. Derfor bør me tenkje over mengdene også til safting. Legg lokket tett på.




Fyll den nedste kasserollen med kokande vatn, ca 3 cm frå kanten. Sett beholdaren over og sett klypa på gummislangen. Dampkoking har den fordelen at den gjev saft som er silt og heilt ferdig til å fyllast på flasker med ein gang. Safta kan tappast ut gjennom gummislangen når saftinga er ferdig. Bæra må dampe til de har safta seg godt og skifta farge. Dess lenger ein dampar, jo meir saft får ein. 



Straks safta er ferdig dampa, må den fyllast på steriliserte flasker. Alt må vere reint og varmt.




Ungane tykje det var grådig spanande å følgje safteprosessen. 



Avkjøl safta og oppbevar den kjølig.








Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at nettopp du tok turen innom bloggen vår. Håpar du finn noko godt å lage:) Me blir veldig glad om du legger igjen ein kommentar til oss:)