fredag 19. oktober 2012

Superbrød/ Lavkarbobrød


Det går heilt fint å bake velsmakande brød utan kveitemjøl og andre raske karbohydratar. Dette lavkarbobrødet mettar lenge og gir liten blodsukkerstigning. Lag gjerne dobbel oppskrift, skjær i skiver og frys ned.




Oppskrift

1 beger cottage cheese
3 egg
80 g solsikkefrø
80 g sesamfrø
50 g hakka valnøtter
3 ss linfrø
4 ss havregryn
4 ss kruskakli
1 ts salt
1,5 ts bakepulver
3 ss raps- eller annen olje (gjerne kaldpresset)





Finn fram alle ingrediensene og mål opp.


Bland cottage cheese og egg med ein stavmiksar eller i foodprosessor til osteklumpane er borte.





Bland i alle dei øvrige ingrediensane




Ha bakepapir i ei brødform og og steik brødet på 200 grader, nederste rille, i ca 1 time og 10 min.



1 kommentar:

  1. Denne kommentaren har blitt fjernet av en bloggadministrator.

    SvarSlett

Så kjekt at nettopp du tok turen innom bloggen vår. Håpar du finn noko godt å lage:) Me blir veldig glad om du legger igjen ein kommentar til oss:)