mandag 8. desember 2014

Luftige, smakfulle julebrød

Julebrød høyrer med til frukostar og buffetar i jula eller noko ein rett og slett kosar seg med kor tid som helst. Eller kva med å overraske noko med godt, heimelaga julebrød, no i den travle førjulstida? 


Ingrediensar:

950-1000 g kveitemjøl
1,5 dl sukker
1/2 pk gjær (gjerne raud type)
5 dl mjølk (25-30 grader)
1 egg
1/2 ts salt
125 g smør (romtemperert)
200 g rosiner

1 egg til pensling


Tidligare nytta eg "gamlemåten" då eg lagde bollebakst ved å smelta smøret, fingervarm væske og heve over damp. Så las eg Morten Schakendas bok om bollar og brød og om anbefalingar frå bakarane bak Åpent Bakeri. Deira suksessframgangsmåte er lite gjær, lang elte- og hevetid og ikke minst; elte smøret inn til slutt. No svergar eg kun til desse prinsippa og baksten blir luftigare og meir smakfull en før :) 


Framgangsmåte:

Bløytlegg rosiner i varmt vatn som såvidt dekkjer. Bland dei tørre ingrediensane saman, i ein bakebolle. Held igjen litt av mjølet. Spe på med mjølk. Dersom du nyttar ferskgjær er det ikkje nødvendig å løyse den opp i mjølka; du kan like gjerne smuldre den opp i bakebollen, så gjer kjøkkenmaskina resten. Dersom du har det travelt og ikke har tid til å la deigen heve meir enn 30-60 minutter, kan du auka gjærmengda til  1 pk .


Elt deigen i ca. 10 minutter på sakte til middels fart. Juster evnt. med mjølet undervegs. Å elte deigen lenge er alfa og omega for å få eit godt resultat. Glutenet i mjølet endrar seg og gjer til at deigen vert lettare å jobba med, smakar betre og smular mindre. Del smøret i terningar og ha det opp i bakebollen. Ved å elte smøret inn på denne måten får du ein deig som er smidig og enkel å jobba med; i tillegg får du ein utrulig luftig og velsmakande bakst. Elt deigen ytterligare 5-10 min slik at den er blank og smidig. Klem ut vatnet av rosinene og elt dei forsiktig inn dei siste sekundane, til dei er nokonlunde jamnt fordelt i deigen. Sett den til heving, tildekka med plast eller lokk, på ein lun plass til omtrent dobbel storleik, ca. 1,5-2 timar.


Ha deigen på mjøla underlag og del den i 4. Form emna til store, runde bollar og legg to og to på steikebrett kledd med bakepapir. Snitt brøda langs sidene med skarp kniv. Etterhev brøda i ca. 1 -1,5 time.


Pensle brøda med samanvispa egg og steik på nederste rille i omnen på 200 grader med over- og undervarme i ca. 20 min. For at ikkje brøda skal bli så mørke kan du dekke dei til med bakepapir dei siste 5 minuttane av steiketida.


Avkjøl brøda på rist. Dersom du ikkje skal nytta alle brøda same dag bør du fryse dei ned straks dei er avkjølte. Dei smakar nærast som nybakte, sjølv etter ein runde i frysaren.

1 kommentar:

Så kjekt at nettopp du tok turen innom bloggen vår. Håpar du finn noko godt å lage:) Me blir veldig glad om du legger igjen ein kommentar til oss:)