lørdag 20. desember 2014

Tradisjonsrike frukosthorn






Mmm.... Deilige, nybakte frukosthorn er vanskelege å motstå. Desse er kjekke å kose seg med i romjula, men kan vere utfordrande å servere allereie til frukost. Bak deg opp ein ladning og frys ned til romjula. La dei få seg ein liten omgang i omnen før frukost, så smakar dei som nybakte!

Ingrediensar:

950- 1000 gr kveitemjøl
1 pk gjær
1,5- 2 ts salt
1 ts sukker
1 egg
5 dl mjølk
100 gr smør

Framgangsmåte:
Bland dei tørre ingrediensane saman, i ein bakebolle. Held igjen litt av mjølet. Spe på med mjølk. Dersom du nyttar ferskgjær er det ikkje nødvendig å løyse den opp i mjølka; du kan like gjerne smuldre den opp i bakebollen, så gjer kjøkkenmaskina resten. Dersom du har det travelt og ikke har tid til å la deigen heve meir enn 30-60 minutter, kan du auka gjærmengda til  1 pk .

Elt deigen i ca. 10 minutter på sakte til middels fart. Juster evnt. med mjølet undervegs. Å elte deigen lenge er alfa og omega for å få eit godt resultat. Glutenet i mjølet endrar seg og gjer til at deigen vert lettare å jobba med, smakar betre og smular mindre. Del smøret i terningar og ha det opp i bakebollen. Eit tips dersom du ikkje har romtemperert smør, er å skjære smøret med ostehøvel. Ved å elte smøret inn på denne måten får du ein deig som er smidig og enkel å jobba med; i tillegg får du ein utrulig luftig og velsmakande bakst. 




Elt deigen ytterligare 5-10 min slik at den er blank og smidig. Sett den til heving, tildekka med plast eller lokk, på ein lun plass til omtrent dobbel storleik, ca. 1,5-2 timar.



Ha deigen på mjøla underlag og del den i tre emner. Kjevle kvart emne til ein sirkel og del i passelege stykker. Trill til horn og legg på steikebrett kledd med bakepapir. Etterhev frukosthorna i 1 -1,5 time tildekka med kjøkkenhandklede.



Pensle frukosthorna med samanvispa egg og dryss på med valmuefrø. Steik på midterste rille i omnen på 225 grader med over- og undervarme i 10-12 min. 





Avkjøl frukosthorna på rist. Dersom du ikkje skal nytta alle same dag bør du fryse dei ned straks dei er avkjølte. Frosne frukosthorn tinar du i romtemperatur og varmar dei i 2-3 min i omnen, varmluft på 200 grader. Då smakar dei som nybakte igjen😊

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at nettopp du tok turen innom bloggen vår. Håpar du finn noko godt å lage:) Me blir veldig glad om du legger igjen ein kommentar til oss:)