mandag 20. juli 2015

Stablebrød / Pull apart bread

Her om dagen bakte eg et snedde og veldig godt brød. "Stablebrød" eller som dei kaller det på amerikansk; "pull-apart-bread", høver utmerka som matpakkebrød sidan ein ikkje treng kniv til å skjære. Ein kan berre dra det i frå kvarande med nevane. Du kan fylle brødet med kva som helst, så her er det berre fantasien som set grenser. Brødet høver veldig godt til supper, gjerne fylt med parmesan, timian, basilikum og sitron; klikk her for ei kjempegod oppskrift. Eg klarde ikkje heilt bestemme meg for kva eg skulle fylle brødet mitt med, så eg tok ein del av deigen med grønn pesto, skinke og ost og på den andre delen, raud pesto, chorizo og ost. Resultatet var to velsmakande brød til kvelds. Kva kunne du tenkt deg å fylle brødet med? :)


Ingredienser
600 g kveitemjøl
eller 50/50 av kveitemjølmjøl og fullkornsmjøl
1/2 pk gjær
1 ts salt
2 ss olivenolje
1 egg
2 dl vatn
2 dl mjølk

Fyll
Alt av ønske. Eg nytta:
- pesto
- skinke
- chorizo
- ost
- soltørka tomat






Framgangsmåte
Bland ingrediensane i ein bakebolle; hugs at vatnet og mjølka skal vere fingervarm. Elt deigen til den blitt glatt og smidig i 8-10 min på middels hastighet. Hev deigen i ein times tid og kjevle den ut til eit rektangel på ca 30x40 cm. Smør på det du måtte ønske av fyll. Skjær deigen i fire remser og legg dei opp på kvarandre. Skjær så "stabelen" i "bunkar" som du legg lagvis i ei godt smurt brødform, med kantane vendande opp. Etterhev i ca 45 min. Steik brødet i omnen på 200 grader i ca 45 min, til det er gjennomsteikt. Når du dunkar på det skal det vere ein "hol" lyd. Kvelv brødet ut av forma og server det nysteikt.









Til kva anledning kunne du tenkt deg å bake stablebrød? :)

2 kommentarer:

  1. Dette må jo være perfekt på tapas bordet! Skal prøves ganske snart! Gleder meg!!!

    SvarSlett
  2. Dette må jo være perfekt på tapas bordet! Skal prøves ganske snart! Gleder meg!!!

    SvarSlett

Så kjekt at nettopp du tok turen innom bloggen vår. Håpar du finn noko godt å lage:) Me blir veldig glad om du legger igjen ein kommentar til oss:)