tirsdag 17. september 2013

Eltefritt brød med kanel og rosin

Mmm.... dette er eit kjempegodt brød. Fylt med rosiner og kanel kan det kanskje likne litt på eit julebrød, men er meir kalorifattig sidan det innheld lite sukker og halvparten av væska er vatn. Brødet er utruleg godt og praktisk å ha med seg ut som turmat. Pakk det med i eit handklede og ta det opp når du treng fylle energilageret. Spis det naturell eller smør på du måtte ynskje. 










Ingrediensar

500 gr kveitemjøl
1/2 ts tørrgjær
1 1/2 ts salt
150 gr rosiner
2 dl mjølk
2 dl vatn

Strø:
1 ss kanel
2 ss sukker

Ha mjøl, salt, gjær og rosiner i ein stor bakebolle og rør lett saman med ei sleiv. Ha mjølka og vatnet over mjølblandinga og rør deigen saman. Dekk til bakebollen med plastfolie eller lokk og la den stå på kjøkenbenken til heving i 12-18 timar.
Deigen etter den har heva.


Strø godt med mjøl på kjøkenbenken. Kvelv deigen utover og ta gjerne ein slikkepott til hjelp. Strø deigen med mjøl viss den er veldig fuktig, og brett den saman. Filmen her viser en detaljert framgangsmåte på korleis brødet vert laga. 




Strø litt av sukker- og kanelblandinga over deigen. Ta ein av kantane og brett den inn mot midten. 
Ta neste kant og gjer det same. 





Gjer dette opptil ti gongar til du byrjar å føle litt motstand i deigen og den held litt på forma. Strø sukker- og kanelblanding over kvar brett. Strø gjerne toppen med litt mjøl innimellom viss deigen blir for klissete. Lyft opp deigen og legg den med bretten ned på eit kjøkenhandklede. 




Dekk den til. Har du stor nok bakebolle kan du ha den over deigen. La deigen heve i ca. 2 timar.




Sett ei eldfast form eller gryte med lokk i kald omn. Når brødet har heva i ca. 1,5 time, sett du omnen på 250 grader. Ta den varme forma ut av omnen når deigen er ferdig heva. Lyft opp deigen vha handkledet og kvelv den opp i varme forma. 



Brettsida vender no opp. Om deigen har landa litt skeivt i forma, kan du riste den litt på plass.
Sett lokk på og sett forma inn i den varme omnen. Steik brødet i 30 minuttar. Ta av lokket og sett temperaturen ned til 220 grader. Steik i ytterlegare 15 minuttar.Ta brødet ut av forma og avkjøl det heilt på rist. Pakkar du det inn i eit reint handklede, held det seg like ferskt og fint til neste dag.
















Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at nettopp du tok turen innom bloggen vår. Håpar du finn noko godt å lage:) Me blir veldig glad om du legger igjen ein kommentar til oss:)