torsdag 3. desember 2015

Verdas beste kromkaker

For to år sidan var delar av "Sleiregjengen", mamma sin familie, samla til eit bakegilde nede på bedehuset. Alle hadde med seg kvar sin julekakedeig og den eine sorten etter den andre fann sin veg i kakeboksane. Det var mykje lott og løye og ekstra kjekt var det at mamma, som var sjuk, var med oss. Ho hadde med seg ein stor og god kromkakedeig. Mamma brukte alltid bake kromkaker til jul og ho fekk de alltid vellukka. Det er vemodig men samstundes godt å sjå attende på bilete fra dagen; ein fin og koseleg dag me alltid kjem til å minnast 







Ingrediensar



250 gr smør
250 gr sukker
150 gr kveitemjøl
150 gr potetmjøl
4 egg
1ts kardemomme

Visp egg og sukker til eggedosis. Rør i smelta smør og ha i mjølet og kardemomme. La røra svelle i ca. 1 time.
Legg ein passeleg klatt med røre på eit kromkakejern og la det steike til kakene er gylden.

Form til kremmarhus rundt ein kromkakepinne mens kakene framleis er rykande varme eller la dei forme seg opp i ein kopp.

Oppbevar kromkakene i ein tett kakeboks. Dei smakar nydeleg med til dømes moltekrem eller ein frisk bærsalat.







Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at nettopp du tok turen innom bloggen vår. Håpar du finn noko godt å lage:) Me blir veldig glad om du legger igjen ein kommentar til oss:)