fredag 13. juli 2012

Gulrotkake med eple

Gulrota er ein grønsak som har sin opprinnelse frå området rundt Afganistan. Den kom til Europa på 1100-talet og spreidde seg via Spania til resten av Europa i løpet av ca 400 år.

Gulrota var kjend for sin søte smal, og blei derfor mykje brukt i puddingar og dessertar i middelalderen. På den tida var sukker dyrt og vanskeleg å få tak i, og gulrota ble derfor ein viktig ingrediens.

Den første publiserte gulrotkakeoppskrifta i USA kom ikke før i 1929, men under den andre verdskrig fekk gulrotkaka ei stor oppbloming i England. Det krigsherja landet hadde lite søtningsrasjoner og dette gav gulrotkaka ein ny start. 

Gulrotkaka blei også re-introdusert som ein sunn dessert, noko som har gjort at den har heldt populariteten også etter krigen. Om kaka faktisk er sunn, kjem an på kva ingrediensar ein vel å bruke. Kaka nedanfor er teken utgangspunkt i ei gulrotkakeoppskrift, men også tilsett eple og mørk kokesjokolade. I tillegg er kremosten av den "lighte" varianten ;) 
Uansett er den smakfull og saftig; nyt den med god samvittighet! :)

Ingrediensar

Kakedeig:
3 store egg
2,5 dl nøytral matolje
300 gr sukker
2 ts vaniljesukker
1 ts kanel
0,5 ts muskat
0,5 ss natron
0,5 ss bakepulver
325 gr kveitemjøl
200 gr gulrot, raspa
200 gr eple, raspa
50 gr mørk kokesjokolade, hakka

Ostekrem:
100 gr smør, romtemperert
250-300 gr melis
1,5 ss vaniljesukker
200 gr kremost (light) naturell, romtemperert
evnt. 1 ss sitronsaft







Bland sukker, egg og olje i kjøkkenmaskin til du får ein lys og jevn røre.






Sikt dei tørre ingrediensane i og rør forsiktig.






Tilsett gulrot og eple og vend inn med ein slikkepott.






Ha deigen i ei langpanne på ca 20x30 cm, kledd med bakepapir.





Steik gulrotkaka midt i omnen på rist, i ca 45 min på 175 grader. 







Rør saman smør, melis og vaniljesukker til ostekremen, gjerne med ein håndmiksar. Tilsett kremost og evnt. sitronsaft og rør til du får ein jevn og luftig krem.





Kaka er teken på eit serveringsfat, klar til pynting.





Ha kremosten oppå gulrotkaka. Skrell gjerne ei gulrot til å pynte den med.






Oppbevar gulrotkaka i kjøleskåp. Den kan også frysast men då utan ostekrem.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at nettopp du tok turen innom bloggen vår. Håpar du finn noko godt å lage:) Me blir veldig glad om du legger igjen ein kommentar til oss:)