torsdag 4. juli 2013

Sommarsalat


Salat er lett og god mat til varme sommardagar. Det som også er så greitt er at ein kan variere salaten etter kva ingrediensar ein har tilgjengeleg. Ein kan velje ein vegetarisk variant eller gjere den meir mettande ved å tilsetje kjøtt eller fisk. Tenkte å dele ein variant med kylling, bacon og mykje gode grønsaker. Denne salaten passer godt anten du sit i hagen, på veranda eller er nede ved bryggja på late sommardagar der maten skal vere lettfordøyeleg og enkel å frakte med seg.





6 personar

Ingrediensar

§       4-5 kyllingfiletar
§      1-2 pakkar sliset bacon
§      3-4 egg
§      Blanda salat  som ruccola, frisè, hjertesalat etc.
§      1 pakke cherry tomatar
§      1 boks salatbønner
§      1 boks pinjekjerner
§      1 mango
§      1 avokado
§       ½ raudlauk
§       1 paprika


Framgangsmåte

Om ein startar med det eine aller andre går dette for det same. Det som kan vere greitt å hugse på når du skal ”dandere” salaten  i skåla, og for at det skal sjå innbydande ut er å starte med den grøne salaten nederst og fordele dei andre ingrediensane på toppen utan og røre for mykje rundt. Strø pinjekjernene over til slutt.






1.     Steik baconet. Legg det deretter på tørkepapir slik at fett renner av.
2.     Skjær kyllingen i strimler og steik dei gylne.  Dette tar berre eit par minuttar. Det einaste krydderet me brukar under steiking er kyllingkrydder.
3.     Kok egga i  ca. 7 min. (plommen skal akkurat ha begynt å sette seg). Avkjøl dei i kaldt vatn. Skrell og del dei i 2-4 delar.
4.     Vask og tørk salaten godt. Riv salaten i mindre bitar og legg den nederst i salatskåla.
5.     Vask og del tomatane i to.
6.     Skyl lake av salatbønnene
7.     Skjær mangoen i terningar
8.     Avokado, paprika og raudløk deles opp.
9.     Rist pinjekjernene gylne i varm steikepanne i ca. 1 min.

Med litt god, heimelaga kvitlauksdressing (som du finn oppskrift på her) og nybaka brød kan denne salaten like godt som lunsj fungere som eit middagsmåltid.




Velbekomme!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at nettopp du tok turen innom bloggen vår. Håpar du finn noko godt å lage:) Me blir veldig glad om du legger igjen ein kommentar til oss:)