tirsdag 16. juli 2013

Vibekes pastasalat med kylling

At det bur mange driftige damer i Øyane, nærare bestemt det me kallar Vedholmen, veit me veldig godt. Kjem ein på besøk der blir det alltid diska opp med gode, heimelaga rettar. Ikkje få gongar me har reist derifrå med ei ny matoppskrift i handa! Dagens oppskrift fekk me for mange år sidan frå vår gode veninne Vibeke. Ho er ein av dei me sikta til når me snakka om driftige VedholmsdamerJ  Me har fleire gode oppskrifter på lur frå henne.. 
Dagens salat smakar aldeles nydeleg og kan anbefalast på det varmaste. Den passar veldig godt på eit koldtbord, tapasbord, eller som ein enkel og god rett aleine. Har du det travelt den dagen du har tenkt å servere salaten, kan du godt lage den dagen i førevegen. Den er likså god da. Dersom den virkar litt tørr er det berre å blande i litt meir rømme/majones.

ca. 8 personar

Ingrediensar

1 boks cherrytomatar
1 hjertesalat evt. 1/2 kinakål
1 paprika
3-4 fedd kvitlauk
1/2-1 raudlauk
1-2 boksar mais
500g pastaskruar
2 beger lett rømme
1 majones
kyllingkrydder
salt
pepar
1 pakke kyllinglår evt. 1 ferdiggrilla kylling 

I



Her ser du ingrediensane me brukar og passe storleik på det som skal hakkast opp:)



Da er det berre til å setje i gang:)


Framgangsmåte



Start med å blande rømme og majones i ein stor bolle. Bruk kvitlaukspresse til å presse kvitlauken med. Tilsett dette i rømmeblandinga saman med kyllingkrydder, salt og pepar. Det går med mykje kyllingkrydder. Når du er fornøyd med smaken er det berre til å blande i alt det andre. Bileta under viser vår framgangsmåte.



Kok pasta som anvist på pakken. Avkjøl pastaen med litt rennande kaldt vatn. Tøm det i rømmeblandinga.



Sil laken av maisen og tilsett.



Raudlauken hakkast i små bitar. 



Ta skinnet av kyllingen og rens den for bein etc. Del den opp i passe bitar. Me er ikkje begeistra for skinnet og lar derfor vere å tilsetje dette.



Skjær salaten opp i passe strimler og tilsett.


Paprika hakkast i passe bitar


Del cherrytomatane i 2-4 bitar. Desse tilsett me på toppen rett før servering, då blir dei litt som pynt.




Server gjerne med nylaga brød som foccacia eller dette eltefrie brødet.  



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at nettopp du tok turen innom bloggen vår. Håpar du finn noko godt å lage:) Me blir veldig glad om du legger igjen ein kommentar til oss:)