Har du
prøvd å laga marshmellows? Tenk deg heilt ferske marshmellows som smeltar på
tunga, i kakaoen når regnet piskar mot vindauga, eller på fine haustdagar til å grilla over bålet....
Heimelaga
marshmellows er veldig enkle å laga og samtidig veldig gøy. Smaken er sjølvsagt mykje
betre enn dei ein får kjøpt i butikken. Har du eit sukkertermometer er det
berre til å gå i gang (kjøpte mitt på traktøren til 159 kr)
Oppskrift
2,5 dl vann
1 pose gelatinpulver (25 g)
450 g sukker
1,5 dl lys sirup
Hell halvparten av vatnet
(1,25dl) i miksarbollen. Dryss så over gelatinpulveret.
Ha sukker, sirup og resten av
vatnet i ei gryte.
Varm det forsiktig medan du rører til
sukkeret er løyst opp. Skru opp varmen slik at det kokar ordentleg. Sett
sukkertermometeret opp i gryta og la temperaturen stige til ca. 115 grader.
Miks nokre rundar berre med gelatinblandinga.
Hell så sukkerblandinga i langs kanten av miksarskåla.
Dette for at det ikkje skal lage trådliknande sukkerkrystallar. Litt og litt om
gongen. Auk hastigheita på miksaren når all sukkerblandinga har blanda seg med gelatinen.
Miks i veg til du har oppnådd ein fast og fin konsistens, ca. 5 min. Blir det
for mykje piska kan det bli vanskeleg å helle over i form eller sprøytepose.
Konsistensen kan likne marengs samtidig som den er meir tyggegummiaktig.
Eg brukte ein sprøytepose til å lage små, søte marshmellowstoppar. Strødde så over litt sukker som eg hadde farga med kondittorfarge. Sett toppane i kjøleskåpet 2-3 timar.
Det er utruleg mange ulike fargar å velje mellom.
Oppbevara du toppane i ein tett boks
varer dei ei vekes tid, om dei ikkje er eten opp før da;)
OI! Detta va spennande! Eg vil prøva!
SvarSlett