No er tida å ty til tyttebær :) Eigen fangst av bær smakar som oftast best, då naturopplevinga og historia rundt set ein ekstra spiss på smaken. Men tyttebær finst også i butikken. Kjøp no når det er sesong, rør eller sylt dei og frys ned, eller berre frys dei slik dei er, så har du alltid tyttebær tilgjengeleg.
Ingrediensar
1 kg tyttebær
350 g sukker
Benzoesyra i tyttebær gjev den syrlege smaken, men syra gjer også at bæra står seg ekstra lenge utan konserveringsmiddel. Ha sukker og bær i ein kjøkenbolle.
Nyrørte tyttebær er ein delikatesse og smakar nydeleg til kjøtrettar og vilt. Tyttebær kan også brukes til å lage saft, i bakverk og dessertar.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Så kjekt at nettopp du tok turen innom bloggen vår. Håpar du finn noko godt å lage:) Me blir veldig glad om du legger igjen ein kommentar til oss:)