Det er fleire fordelar med å la deigen langheve. Baksten blir meir saftig, får kraftigare smak og luftigare konsistens. Då eg skulle bake dette foccaciabrødet til ein bursdag, tykte eg det var veldig greit å lage deigen dagen i forkant, sidan det har ein tendens til å skje ein del uforutsatte ting her i heimen ;) Godt med alt som er gjort. Langheving er med andre ord veldig pratisk også.
Ingrediensar
(til ei langpanne på ca 20x30 cm)
1 kg kveitemjøl
1/2 pk gjær
7,5 dl vatn
3 ts salt
Oliven, (soltørka) tomatar, maldonsalt, olivenolje evnt. frisk oregano eller timian og parmesan
Bland ingrediensane saman i ein stor bolle. Ta hensyn til at deigen i alle fall skal bli dobbel så stor, då den skal heve minst 12 timar.Eg tykte den verka ganske fast i forhold til "vanleg" foccaciadeig og lurte på om eg hadde gjort noko gale. Men eg satte den på kjøkenbenken, til heving natta over og var grådig spent då eg såg til deigen neste morgon. Bilete under viser resultatet. Klissete som foccaciadeig skal være og ekstra lange trådar på grunn av lang hevetid. Fascinerande!
Eg brukte ei eldfast form; hugs då å beregne lengre steiketid. Anbefalar derfor å helle deigen i ei langpanne, kledd med bakepapir. Trykk den utover i kantane og dytt ned i garnityr. Om du vel vanlege tomatar eller soltørka, er ein smakssak. Grøne eller svarte oliven, er opp til deg. Men dryss over eit lag med maldonsalt og hell rikeleg med olivenolje over. La foccaciaen etterheve i ca. 1 time. Riv over litt parmesan om du vil, før du sett den i omnen. Skal steikast på 225 grader i ca. 30 minuttar.
Foccicia kan brukast til all mat der ein brukar brød til. Server gjerne med litt fersk timian eller oregano på toppen! Ynskjer deg ei triveleg helg :)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Så kjekt at nettopp du tok turen innom bloggen vår. Håpar du finn noko godt å lage:) Me blir veldig glad om du legger igjen ein kommentar til oss:)