Denne oppskrifta kjem fra den anarkjende kokken, Eivind Hellstøm, og då seier det vel seg sjølv at desse kjøttbollane er knallgode. Brødet si evne til å halde på væske er det som gjer kjøttbollane så saftige. Server dei i tomatsaus, som innslag på tapasbord, til kvelds på brødskiva eller i ein frisk salat.
Ingrediensar
800 g karbonadedeig
200 g svinekjøttdeig
1/4 loff utan skorpe
2 1/2 dl mjølk, helst H- mjølk
1/2 finhakka lauk
1 ts salt
1/2 ts pepar
litt riven muskatnøtt
Ha karbonade- og svinekjøttdeig, lauk og krydder i ei kjøkenmaskin.
Bløyt oppskoren loff saman med mjølka og ha det opp i farsen.
Rør til alt er godt blanda saman.
Eit tips er å forme kjøttbollane med to skeier. Hugs å dyppe dei i varmt vatn mellom kvar gang du lagar ein ny kjøttbolle.
Eg plar lage kjøttbollar klare på ein tallerken, slik at alle kjem på steikepanna samtundes når dei skal steikast.
Steik kjøttbollane gyldenbrune i ei steikepanne. Eit sunnare alternativ er å steike dei i omnen på 190 grader i 10- 15 minuttar.
Har du meir til overs, eignar kjøttbollane seg godt til nedfrysing.
Så fint at jeg tilfeldigvis ramla over denne bloggen, suuperbra!! Masse gode tips og triks! Stå på!:)
SvarSlettSå fint at du likte bloggen :) Den kommer snart med nytt design, så stay tuned :)
SvarSlett2 1/2 dl mjøl, helst H- mjølk.
SvarSlettDu meiner 2 1/2 dl mjølk?