mandag 8. juli 2013

Pavlova/ marengskake

Pavlova er enkelt og greit ei knallgod margenskake. Kaka er oppkalt etter ei russisk ballettdanserinne, Anna Pavlova, og er florlett og luftig kake. Når me lagar denne herligheten tykkjer me det er friskare og betre og blande kremen med melonyoghurt i staden for vaniljekrem. Uansett kva du nyttar, smakar det kjempegodt :)


Ingrediensar

Marengsbunn:
6 stk eggekviter
300 g sukker
2 ts kvitvinseddik
1 ts maisstivelse (maizena)

Fyll:
1 pk piska kremfløyte
2 ss sukker
1 stk stor melonyoghurt/ 1 pk ferdig vaniljekrem
Bær og frukt etter sesong



Visp romtempererte eggekviter til hardt skum i ein rein bakebolle. Tilsett eddiken og deretter sukker og maismjøl litt etter litt medan du vispar. Når massen er blank og smidig har du den over på bakepapir. Tips! Ha litt olje eller smør på bakebrettet før du har på bakepapir; då sit papiret fast medan du smører marengsen utover. Du kan anten tegne ein sirkel på diameter ca. 26 cm eller smøre den utover til eit rektangel med ca. 2,5 cm høgde. Porsjonsstorleikar er også praktiske å lage.

Steik bunnen på 160 grader i ca. ein time på under- og overvarme. Du kan godt senke temperaturen men då må du la den stå lenger inn i omnen. Marengsen skal være sprø og ha ein lys kremfarge. La den stå i omnen til den er avkjølt.  Marengsbunnen kan lagast fleire dagar i forkant og oppbevarst tørt i eit handklede. 


Pisk fløyte saman med sukker. Bland yoghurten saman med kremen. Dersom du nyttar vaniljekrem er det greit å ikkje blande kremane, men smøre dei på lagvis. Smør kremen utover marengsbunnen og pynt med det du har av bær/ frukt. Ekstra godt er det å ringle himmelsk pistasjkrem over som du bl.a får kjøpt hos Oliviers & Co ( endeleg i Bergen) eller du kan lage sjølv. Vonar me snart har oppskrifta på bloggen ;o) 


3 kommentarer:

  1. Wow denne så veldig god ut !
    Denne oppskriften skal jeg prøve ! :D

    SvarSlett
  2. Skal det være enten youghurt eller vanilje krem. Ikke begge deler?
    Anne Lise

    SvarSlett
  3. godt med bare vaniljekesam og bær på toppen også. da er det en enda friskere (og litt sunnere kake) :)

    SvarSlett

Så kjekt at nettopp du tok turen innom bloggen vår. Håpar du finn noko godt å lage:) Me blir veldig glad om du legger igjen ein kommentar til oss:)