fredag 3. august 2012

Pizzahorn

Prøv desse gode pizzahorna i helga og du vil hauste stor applaus :) 


Ingrediensar


Grunndeig:
12 dl kveitemjøl
80 gr smør
1 ts sukker
1 ts salt
50 gr gjær
1 egg
4 dl mjølk

Fyll:
1 pk karbonadedeig
1 pk pizzafyll



Bland dei tørre ingrediensane saman, i ein bakebolle. Held igjen litt av mjølet.




Spe på med fingervarm væske. Dersom du nyttar ferskgjær er det ikkje nødvendig å løyse den opp i melka; du kan like gjerne smuldre den opp i bakebollen, så gjer kjøkkenmaskinen resten. Elt deigen i ca. 10 minutter. Juster evnt. med mjølet undervegs. Å elte deigen lenge er alfa og omega for å få eit godt resultat. Glutenet i mjølet endrar seg og gjer til at deigen vert lettare å jobba med, smakar betre og smular mindre.




Del smøret i terningar og ha det opp i bakebollen. Ved å elte smøret inn på denne måten får du ein deig som er smidig og enkel å jobba med; i tillegg får du ein utrulig luftig og velsmakande bakst.




Deigen er ferdig elta etter ca. 15 minutter og skal då vera smidig og ha ei blank overflate. Sett den til heving, tildekka med plast eller lokk, på ein lun plass til omtrent dobbel storleik, ca. 45 minutter.




Lag pizzafyllet. Begynn med og steike karbonade- eller kjøttdeig. Pøs på med hakka lauk, paprika, champignon eller det du måtte like. Tilsett deretter krydderfyll. Eg har berre brukt vanleg Toro pizzafyllpakke. Den veit eg småtassane likar, så då er den "bankers":)



Kjevle deigen ut til ein sirkel og del den opp i passelege stykke.



Ha på pizzafyll og riven ost og trill pizzahorna saman.



Sett pizzahorna til etterheving, tildekka med plast eller kjøkkenhåndkle, til dei er omtrent dobbel storleik; ca. 30- 60 minutter. Pensle pizzahorna med egg og steik dei i omnen med vanleg under- og overvarme, midt i omnen, på 225 grader, i ca 15 min.




Server pizzahorna med ein frisk salat. God helg, alle saman! :)

torsdag 2. august 2012

Ripssyltetøy med bringebær


Barndomsminner kjem fram når eg tenkjer på heimalaga syltetøy. Eg kan godt erindre den sødmefylte lukta av nysylta syltetøy på Noregsglas og saft som blei tappa av store kjelar, som både mamma og bestemødrene mine laga. Dei hadde plukka bøttevis av ulike slag av bær fra hagen; både rips, solbær og stikkelsbær. Då eg var hos mi kjære bestemor her om dagen, var eg heldig og fekk plukka så mykje eg ville av ripsbuskane hennar. Heim tok eg med meg friske bær og bestemors gode syltetøyoppskrift :)


Ingrediensar
1 kg friske bær; eg brukte 700 gr rips og 300 gr bringebær
400 gr sukker
evnt. Certo Syltepulver



Start med å renske bæra. Skyll dei godt og plukk vekk dårlege bær.




 Eg valde ein kombinasjon av 700 gr rips og 300 gr bringebær. Desse bæra i kombinasjon gjev ein veldig god smak. Lag gjerne din eigen versjon. Prøv deg fram; godt smakar det uansett :)



Ha bæra i ein kasserolle og kok i 6 minutter.



 Ta kasserollen av plata og rør inn sukkeret til det er oppløyst. Sukkeret kan varierast etter smak. Dersom du ynskjer eit "stivare" syltetøy kan du tilsette Certo Syltepulver som du finn i vanleg daglegvarebutikk. 



Fyll syltetøyet på reine, varme glas. Fyll dei heilt opp og la avkjøl. Oppbevar syltetøyet mørkt og kjølig.



Smakar fantastisk på brødskjeve, pannekaker eller is! Dersom du har meir bær igjen, kan du fryse dei å bruke dei til ein annan anledning.


onsdag 1. august 2012

Kyllingform med eple og bacon

Denne kyllingforma kom eg over då eg las eit ukeblad heime hos mamma. Artikkelen omhandla fantastiske vinnaroppskrifter, med eple som ingrediens, innsendt av lesarane. Juryens kommentar var: "Her er eplene laga saman med kylling i ei form. Bacon gjer god smak til retten, og peanøttene gjer den spennande." Eg prøvde retten og kan trygt anbefale den :)

Ingrediensar
(4porsjoner)
2 ss smør
4 kyllingfileter
salt
pepar
kyllingkrydder
100 g bacon
4 epler
1 dl seterrømme
2 dl lett crème fraiche
2 ss hakka raud paprika
75 gr peanøtter


Smelt smør i ei steikepanne og steik kyllingfiletane raskt på sterk varme. Steik vidare i ca. 10 minutter til kyllingen er gjennomsteikt. Kryde med salt, pepar og kyllingkrydder. La kjøttet kvile i nokon minuttar før du skjærer det i biter og fordelar det i ei eldfast form.
Skjør bacon i biter og steik i panna. 




Skrell epla, fjern kjernehuset og del dei i biter.






Steik eplebitane raskt med baconet. 




Fordel blandinga over kyllingen i forma.


Bland saman rømme, crème fraice og paprika. 


Fordel blandinga i forma og strø på peanøtter.


Sett forma i omnen ved 200 grader å la den stå i ca. 15 minutter til alt er gjennomvarmt. Server kyllingforma med kokt ris, salat og evnt. grove rundstykker.