Denne smakfulle fiskegryta blei fyrst
servert til mor og far av familien Lyng i Måløy. Dei blei så begeistra over
denne gode retten at dei måtte få oppskrifta på den. Etter kvart er dette blitt
ein klassikar i Hansali-klanen og er absolutt å anbefale!
Tips!
Me har jo fleire i familien som en kan sei er ”kres’n” i matveien. For dei som då ikkje likar fisk, kan ein like godt bruke kylling i gryta. Kjempegodt det også :o)
Me har jo fleire i familien som en kan sei er ”kres’n” i matveien. For dei som då ikkje likar fisk, kan ein like godt bruke kylling i gryta. Kjempegodt det også :o)
Ingrediensar
Ca 1- 1,2 kg fisk
Dressing:
4 ss ketchup
4 ss majones
0.5 ts salt
0,5 ts karri
Litt aromat og grillkrydder
Steikte
grønsaker:
1 grøn paprika
1 lauk1 raud paprika
1 boks ananas i beter, med saft
1 boks fløyte
![]() |
| Surr hakka lauk og paprika i ei steikepanne. Tilsett ananas med "sø" |
![]() |
| Deretter 1 boks fløyte. La det småkoke i nokre minuttar |
![]() |
| Bland ketchupdressing i ei skål |
| Smør dressingen i ei eldfast form |
| Slik ser det ut når forma er klar til at fisken skal leggast i. |
| Strø grovhakka chips som eit fint lag over fisken |
| Og til slutt ein topping av riven ost |
![]() |
| Forma skal stå midt i omnen på 180 grader i 20 min |
| Slik ser gryta ut når den er ferdig i omnen |
| Serverast med ris, salat og evnt. litt paprikachips |





Denne fiskegryta er knallgod. Anbefales både til fiskeelskara og til dei som er litt kresen når det kjem til fisk. Kjekke mat å lage når ein får besøk.
SvarSlett