Eit litt
sunnare alternativ til sjokolade når søtsuget melder seg kan vere jordbær dyppa
i sjokolade og nøtter.
No har det nærmast blitt sånn at ein kan få
tak i jordbær heile året. Då er dei vel og merke ikkje norske, men alikevel kan
dei vere gode. I staden for tradisjonell
jordbærdessert med vaniljesaus evt. melk og sukker kan kanskje dette vere eit
alternativ? Godt å servere på eit tapasbord også.
Ingrediensar
1/2-1 plate
mørk/lys kokesjokolade
1 korg
jordbær
Finhakka
nøtter
Varm
sjokoladen over vannbad. Dypp bæra i den smelta sjokoladen. Sjokoladen kan godt stå over vannbadet medan
du held på. Trill så sjokoladebæra i ein
finhakka nøtteblanding og legg det på ein tallerken til avkjøling. For å hjelpe
på prosessen kan du sette bæra i kjøleskapet.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Så kjekt at nettopp du tok turen innom bloggen vår. Håpar du finn noko godt å lage:) Me blir veldig glad om du legger igjen ein kommentar til oss:)