fredag 4. mai 2012

Marshmallows på pinne

Veldig enkelt å lage og veeeeldig godt. 

Får du besøk og skal lage noko søtt, enkelt og litt fort kan kanskje ”marshmellows på pinne” friste? At det er ein suksess i bursdagar er vel heller ikkje så rart:). Dette er kjekt å gjere saman med barna. Dersom ein voksen dypper i sjokolade kan "småtrolla" velge strøsselsort og dyppe i:) 

Setter du dei i ei lita skål som me har gjort på bildet under blir det straks litt pynt på eit dekka bord.
Nam, nam.......




Ingrediensar
200 g sjokolade
 (den du måtte ønske, me foretrekker kokesjokolade)
150 g marshmallows



Dekorasjon
Forskjellige strøsselsortar






Tilberedning
Smelt sjokoladen i vannbad eller i mikroovn og hell i ei skål. Dypp marshmallows i sjokoladen med ein gaffel.  




Det trenger ikkje vere mykje sjokolade rundt, men nok til at strøsselet festar seg. Lurt å bruke gaffelen til å fjerne overflødig sjokolade. 




Dekorer med strøssel med det same. 




Legg alle sjoko-marshmallowsane på ein tallerken og la dei stivne.





For meir inspirasjon og fristelasar med marshmallows bør du kikke innom "passion 4 baking", eller ta turen innom her og her. God fornøyelse!

1 kommentar:

  1. hei! fin blogg! :) lure på Koss longe tid trenge sjokoladen får å stivna? (ca) :)

    mvh Carina

    SvarSlett

Så kjekt at nettopp du tok turen innom bloggen vår. Håpar du finn noko godt å lage:) Me blir veldig glad om du legger igjen ein kommentar til oss:)