tirsdag 15. mai 2012

Havregrynsgraut

Havregrynsgraut eller "vassgraut", som pappa kallar det, er grauten som er mest poppis i både Hatlevik- og Glesnesfamilien. Den er utrulig "snedd'n" å lage og ikkje minst rimeleg. Ein porsjon kosta faktisk under 1 kr; her kjem den sparsommelige Drønar'n fram i oss :o)

Tips!
For å gjere det enklast mulig, pleier eg å koke ekstra graut og sette den i kjøleskåpet til neste morgon. Då berre varmar eg den i mikroen i eit par minuttar, rører rundt og så er den ferdig. Syns faktisk den er betre neste dag også :o) På travle morgonar når ein skal på jobb er det greit at ungane spis frukost i barnehagen. Då har eg anten varma grauten kjapt i mikroen rett før me går i bilen, slik at grauten fortsatt er varm når me kjem i barnehagen, eller at personalet varmar grauten når me kjem ned der.

Ingrediensar:
50 gr havregryn (lettkokte)
3,75 dl vatn (evnt. melk)
litt salt

Bland alt saman i ei panne og la det småkoke i 2 minuttar.

Havregrynsgraut med kanel og rosiner

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at nettopp du tok turen innom bloggen vår. Håpar du finn noko godt å lage:) Me blir veldig glad om du legger igjen ein kommentar til oss:)